Apalāla er ein vasslevande nāga-konge i buddhistisk mytologi. Det blir sagt at Apalāla budde nær Swat-elva, i eit område som i dag ligg i Peshawar i Khyber-Pakhtunkhwa-provinsen i Pakistan.

Apalāla blei konvertert til buddhismen av Buddha. Dette er ei utbreidd legende i buddhistisk folkeminne og kunst.

Apalala blir skildra som eit drakeaktig vesen med lang hale, to bein, to armar, venger og menneskehovud. Han verna kjelda til Swat-elva, og folk ofra delar av avlingane sine til han. Då ofringa tok slutt hemna nagakongen seg ved å skapa flaum i området.

Folk søkte hjelp frå Buddha, som kom til staden med Vajrapani og nedkjempa Apalala. Buddha skal ha etterlate seg fotspor på ein stor stein som no er ved Swat museum.

I buddhistiske tekstar Historia om omvendinga til Apalāla (pali Apalāladamana) finst ikkje i Pali-kanonen, sjølv om namnet hans dukkar opp saman med dei til andre vesen som ærar Buddha.

Samantapāsādikā nemner at denne soga var blant dei som ikkje var inkludert i dei tre råda. Det er bevis for at ho var kjend på Sri Lanka, sidan ho er nemnd blant scener som er skildra i relikviekammeret til Mahāthūpa. Divyāvadāna nemner òg at Apalāla konverterte like før Buddha døydde.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Apalala» frå , den 10. oktober 2026.

Kategori:Mytologiske ormar Kategori:Buddhistisk mytologi