mini|Portrett av Tonje A Lissandrin Tonje A. Lissandrin () er ein norsk forfattar og biolog med aner frå Røros. Ho er busett i Veneto i Italia. Før ho vart forfattar tok ho graden MBA med utmerking og arbeidde som forskar i immunologi og infeksjonssykdomar. Forfattarskapet omfatter novellesamlingane Venteromsnoveller (2018) og Brytninger (2023), diktsamlinga Rød sone (2021) og romanen Under (2026). Bakgrunn Lissandrin har studert og arbeidd i USA, Sveits, England, Italia og Noreg. Ho studerte zoologi ved NTNU i Trondheim og fekk i 1998 eit stipend for å studere ved Institutt for anatomi ved universitetet i Padova. Ifølgje Store norske leksikon har ho MSc i zoologi med spesialisering i immunologi, var doktorgradsstipendiat ved universitetet i Lausanne og har MBA med utmerking frå London. Som forskar har ho arbeidd ved Boston University School of Medicine og Boston Medical Center, vore teamleiar for eit større tuberkuloseprosjekt under Harvard Medical School og hatt ansvar for forsking på antibiotika for fleire farmasøytiske selskap i USA.

Forfattarskap Lissandrin debuterte i 2018 med novellesamlinga Venteromsnoveller (Liv forlag). Forlaget skildrar novellene som "korte og bittersøte", med karakterar som søkjer forklaring og meining. Novella «Klorofyll» kom same år i det studentdrivne litterære tidsskriftet Riss ved NTNU. Ho vart intervjua i Norsk Ukeblad (nr. 45, 2018) og Tara (nr. 4, 2020), som trykte novella «Barneselskap» frå debutsamlinga.

Novella «Kokepunkt» vart kåra i ein skrivekonkurranse og gitt ut som e-bok (Publizm).

Diktsamlinga Rød sone (Liv forlag, 2021) byggjer på erfaringar frå Veneto under koronapandemien. Då budde ho omlag 20 kilometer frå Vo', der det første koronadødsfallet i Italia inntraff. Samlinga vart omtalt i Adresseavisen som ei «poetisk pandemiskildring».

Brytninger (Liv forlag, 2023) er ei novellesamling med tjue forteljingar der blant andre Medusa, Caravaggio og Dante får stemme. Lissandrin vart intervjua om boka av Samtiden og NRK Trøndelag. Brytninger vart omtala som «uten tvil årets beste novellesamling» i lokalavisa Randaberg24.

Under (Sirkel forlag, 2026) er Lissandrin sin første roman. Handlinga i romanen er knytt til Røros.

Bibliografi Venteromsnoveller, noveller, Liv forlag, 2018 Rød sone, dikt, Liv forlag, 2021 Brytninger, noveller, Liv forlag, 2023 Under, roman, Sirkel forlag, 2026

Kjelder

Kategori:Norske forfattarar Kategori:Forfattarar frå 2000-talet