Eire Apparent var eit band frå Nord-Irland som er kjent for å ha lansert karrieren til Henry McCullough og Ernie Graham, og for å ha hatt Jimi Hendrix med på å spela på og produsere det einaste albumet sitt.
Historie
Tony and The Telstars Gruppa hadde opphav i Belfast-gruppa Tony & The Telstars frå tidleg på 1960-talet.Tony & The Telstars at Irish Showbands.net Denne gruppa omfatta gitaristen Rod Demick (fødd i 1947 Prestatyn i Nord-Wales), trommeslagaren Davy Lutton (fødd William David Lutton i 1946 i Belfast), solisten og gitaristen George O'Hara og bassisten Chris Stewart (fødd Eric Christopher Stewart i 1946 i Belfast). I 1965 forlet Demick gruppa for å bli med i den lokale R'n'B-gruppa The Wheels og Stewart blei med i det irske bandet The Stellas som heldt til i Tyskland. Dei blei erstatta av gitaristen David «Tiger» Taylor, bassisten Mike Niblett (frå The Stellas) og lærling-bilmekanikaren Ernie Graham (fødd Ernest Harold Graham, 14. juni 1946 i Belfast) på rytmegitar og korvokal.Apparent Eire Apparent biography at 'The Famous Kinema Ballroom Dunfermline'Eire Apparent biography at the Irish Rock Discography
The People På slutten av 1965 danna Lutton, O'Hara, Niblett og Graham popgruppa The People saman med den tidlegare klaverspelaren i Them, Eric Wrixon. Dei bidrog med to songar til samlealbumet Ireland's Greatest Sounds: Five Top Groups From Belfast's Maritime Club, som kom ut i februar 1966. Midt i 1966 kunngjorde Eric Wrixon at bandet skulle flytta til England. På den tida brukte dei ein stand-in-gitarist i staden for O'Hara og håpa å rekruttera Billy Harrison (tidlegare i Them).The People at Irish Showbands.net Kort tid seinare gjekk Wrixon over til ei anna Belfast-gruppe som heldt til i Blackpool, The Wheels. I mellomtida bytta Mike Niblett og Chris Stewart plass, og gjekk tilbake til dei opphavlege gruppene sine. Gitarrsten Henry McCullough (tidlegare i The Sky Rockets Showband og Gene and The Gents) frå Portstewart i Nord-Irland samarbeidde med The People i byrjinga av 1967, og dei utvikla raskt eit godt rykte på Blackpool og deretter (ei kort tid) på musikkscenen i Dublin.
Eire Apparent I 1967 flytta bandet til London og blei signerte av ex-Animal Chas Chandler og Mike Jeffery, som bytte namnet på gruppa til 'Eire Apparent'. Jeffery ville nytta den irske dimensjonen deira, og kona hans kom på det nye namnet. «Eire» er det irske namnet på Irland, og tyder ‘tiltenkt arving’.
Eire Apparent skreiv kontrakt med Track Records, som òg hadde kontrakt med Chandler og Jeffery sin protégé Jimi Hendrix. Dei spelte inn ein singel, Follow Me/ Here I Go Again, som kom ut i januar 1968, før dei forlet Track. Sjølv om dei berre hadde gjeve ut denne eine singelen, sende Chandler og Jeffery dei ut på turné til Nord-Amerika med hovudgruppa The Animals i februar og mars 1968. Alt gjekk godt fram til dei nådde Vancouver i Canada midt i februar. McCullough blei arrestert for å ha marijuana og sendt tilbake til Irland, så gitaristen Mick Cox (fødd Michael Charles Cox, 1943, i Gillingham i Kent, tidlegare frå The Alleykatz og The End) flaug ut for å ta plassen hans i gruppa.Eric Burdon and The Animals, by Ross Hannan and Corry Arnold I mai var McCullough blitt med i Sweeney's Men i Irland.Green Beat: The Forgotten Era Of Irish Rock, by Daragh O'Halloran (Brehon Press 2006)
Gruppa med den nye samansetjinga heldt fram med å turnera i Nord-Amerika med Jimi Hendrix Experience og Soft Machine, og spelte inn musikk i New York's Record Plant studio med Hendrix i mai (truleg for å spela inn den neste singelen sin Let Me Stay/Yes I Need Someone).Electric Ladyland Sessions at the Forum Jimi Hendrix Det meste av albumet Sunrise blei laga i slutten av oktober 1968 i Los Angeles, med Jimi Hendrix som produsent. Hendrix spelte òg på ei rekkje spor (inkludert «Yes I Need Someone» og «The Clown»), medan Noel Redding, Mitch Mitchell og Robert Wyatt òg er godskrivne (Redding og Wyatt syng på «1026» og/eller «The Clowns»). Albumet blei gjeve ut på Buddah Records i USA og Storbritannia i mai 1969.
Cox blei erstatta av gitaristen David «Tiger» Taylor i november 1968, kort tid etter innspelinga av albumet. Taylor hadde allereie vore medlem av The People i 1965, og var medlåtskrivar av «Rock 'N' Roll Band»-singelen deira som blei spelt inn i London i januar 1969, igjen med Jimi Hendrix. Bandet med samansetjinga av Taylor, Graham, Stewart og Lutton turnerte så i Europa med Hendrix, og i april 1969 spelte gruppa sin einaste Peel-session. Gitaristen Peter Tolson, som seinare blei med i Pretty Things, er også blitt sagt å ha erstatta Taylor på denne sessionen.
I mai 1969 rapporterte Beat Instrumental at gruppa spelte inn låtar til eit nytt album (som skal ha blitt produsert av Soft Machine-trommisen Robert Wyatt), men det såg aldri dagens lys. I mai 1970 blei bandet oppløyst, knapt merka av publikum.
Seinare karrierar
Ernie Graham spelte inn eit soloalbum i 1971, og var ei kort tid medlem av Help Yourself i 1972. Deretter var han medgrunnleggar av pub rock-komboen Clancy. Han gav så opp livet som profesjonell musikar, arbeidde på jernbanen, og var under opplæring som rådgjevar då han døydde i april 2001.Sleevenotes by Nigel Cross to CD re-release of Ernie Graham his eponymous 1971 album (Hux 032) Davy Lutton spelte med Heavy Jelly i 1970, Ellis (1972-73), T. Rex (1974-76) og bistod Chris Spedding på albumet Guitar Graffiti (1979). Chris Stewart blei ein av dei mest varige basspelarane i rock og ein musikalsk partner for Frankie Miller (1975-78). Andre jobbar inkluderer i Ronnie Lane's Slim Chance, Spooky Tooth, Joe Cocker, Jim Capaldi, Eric Burdon, Graham Bonnet og Terry Reid. Han døydde i 2020. Henry McCullough blei medlem av Sweeney's Men og blei seinare gitarist i The Grease Band. Frå 1971 til 1973 spelte han med Paul McCartney og Wings, før han òg spelte tid med Frankie Miller. Han gav òg ut fleire soloalbum. Han døydde i 2016. Mick Cox danna Magnet (1969-71). Han danna seinare sitt eponyme band i 1973 som inkluderte Chris Stewart, og spelte på Van Morrison sitt album Common One i 1983. David «Tiger» Taylor danna seinare Anno Domini, som spelte inn eitt album, før han blei med i The Freshmen. Peter Tolson spelte for Pretty Things frå 1970 til 1976. Han døydde i 2016. Steve Jolly blei med Bobby Harrison (eks-trommisen til Procol Harum), Pete Dennis og Roger Saunders i musikkgruppa Freedom.
Diskografi
"I'm With You" / "Well... All Right" (as 'The People') – inkludert på Ireland's Greatest Sounds (Ember Records LP, februar 1966) "Follow Me" / "Here I Go Again" (Track Records single, januar 1968) "Yes I Need Someone" / "Let Me Stay" (Buddah Records single, kring september 1968) "Rock 'N' Roll Band" / "Yes I Need Someone" (Buddah Records single, mats 1969, og i Storbritannia på Buddah 201 039 april 1969, gjenutgjeven i 1972) Sunrise (Buddah Records LP, mai 1969, Buddah 203 021 i Storbritannia) "The Price of Love" / "Highway 61" / "Blues" / "Gloria" – konsertopptak, tekne med på Jimi Hendrix Experience-bootlegen Liederhalle Stuttgart 19 January, 1969 1st Show (Eire Apparent var opningsband) "Gloria" / "Yes, I Need Someone" – BBC Top Gear-innspelingar frå april 1969 inkludert på ein uautorisert CD med The Pretty Things, The Forgotten Beebs (Tendolar, 2008)
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Eire Apparent» frå , den 18. oktober 2026.
Kategori:Musikkgrupper oppløyste i 1970 Kategori:Musikkgrupper skipa i 1967 Kategori:Musikkgrupper frå Belfast Kategori:Nordirske rockegrupper