Piggvalmue (Argemone mexicana) er ein art i piggvalmueslekta i valmuefamilien og stammar opphavleg frå sørvestlege Nord-Amerika. Blomen er bleik gul-oransje.
Arten har blitt naturalisert mange stader, og blir lokalt rekna som eit ugras. Han blir dyrka som eittårig prydplante i mellom anna Sverige. Han er blitt påvist nokre få gonger i Noreg, men blir ikkje rekna for å kunna etablera seg i landet.
Gift Piggvalmue inneheld dei giftige alkaloida sanguinarin og dihydrosanguinarin. Heile planten er giftig. Sennepsolje som er blitt ureina med frø frå valmuen har forårsaka forgiftingar (i form av ødem) ved fleire høve.
Tradisjonell urtemedisin Serifolk frå Sonora i Mexico har tradisjonelt nytta heile planten, både i fersk og tørka form. Eit urteuttrekk er blitt nytta mot nyresmerte etter fødslar. Då spanjolane kom til Sonora kalla dei planten cardosanto, og nytta han som avføringsmiddel. I Mali blir ein te laga av plante nytta som middel mot malaria. I India blir den gule sevja og heile planten nytta som middel mot gulsott.
Galleri
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Gul taggvallmo» frå , den 25. oktober 2026. oppgav desse kjeldene: Flora of North America - Argemone mexicana Denne artikkelen bygger på «Argemone mexicana» frå , den 25. oktober 2026.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Valmuefamilien