Danaus eller monarksommarfuglar er ei gruppe av sommarfuglar som tilhøyrer den store familien flikvenger (Nymphalidae). Dei er slanke, relativt store sommarfuglar, dei fleste av dei er gode flygarar og nokre kan vandra over lange avstandar. Dei fleste monarksommarfuglar har larver som lever på meir eller mindre giftige plantar. Dei tar vare på toksin frå vertsplantar og brukar dei til å forsvara seg. Monarksommarfuglane signaliserer gifta si med karakteristiske, kontrastrike fargemønster. Både giftige og ikkje-giftige sommarfuglar etterliknar desse mønstera, og oppnår vern gjennom dette.
Utsjånad mini|venstre|Afrikansk monark (Danaus chrysippus), India mini|Danaus eresimus mini|Danaus chrysippus-larve i Hyderabad i India. Danaus-artar er store sommarfuglar (vengespenn gjerne 60–120 mm) med slank kropp og store venger. På farge er dei oransje eller raudlege med svarte flekkar eller striper. Antennene er lange (ca. halvparten så lange som framvengene) og tynne. Framvengene er relativt lange og smale, avrunda trekanta. Bakvengene er mykje kortare enn framvengene, og avrunda. Larvene er kontrastrikt farga, ofte med trådsmale, oppståande utvekstar på eitt eller fleire kroppsledd.
Levevis Slekta Danaus har larver på slekta Asclepias i gravmyrtfamilien. Desse plantane er ganske giftige. Nokre arter er vandrarar som kan ha vandringar som strekkar seg over fleire tusen kilometer (gjerne over fleire generasjonar). Desse har ofte svært store utbreiingsområde.
Utbreiing Monarksommarfuglane er ikkje i stand til å overleve ein kald vinter (dei manglar eit kuldeherdig overvintringsstadium), og det finst difor ingen artar som lever i tempererte område året rundt. Monarken (Danaus plexippus) kan opptre over det meste av Nord-Amerika, og etter kvart òg Europa om sommaren, men han vandrar sørover eller døyr om hausten. Dei andre artane er utelukkande tropiske eller subtropiske. Det finst særlegmange artar i Søraust-Asia.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Danaus» frå , den 26. oktober 2026.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Sommarfuglar