mini|Målselv kyrkje mini|Bardu kyrkje mini|Balsfjord kyrkje mini|Malangen kyrkje Indre Troms prosti var eit tenestedistrikt i Nord-Hålogaland bispedømme i Den norske kyrkja. Prosten hadde sete på Bardufoss. Prostiet svarte til kommunane Balsfjord, Bardu, Lavangen, Målselv og Salangen i geografisk utstrekking. 1. januar 2020 vart prostiet innlemma i Senja prosti.Nord-Hålogaland bispedømme: Senja prosti — i ny og større utgave

Prostiet er inndelt i sokn. Soknet er grunneininga i Den norske kyrkja. Dei som arbeider i kyrkja er anten tilsette av soknet gjennom kyrkjeleg fellesråd, eller dei er tilsette i prostiet. Dei fleste prestane er tilsette i prostiet, og har tenesta si knytt til eit eller fleire sokn. Fram til 2004 var prestetenesta lokalt organisert i prestegjeld.

Sokn i Indre Troms prosti

Målselv kommune Tidlegare Målselv prestegjeld Målselv sokn Øverbygd sokn

Salangen kommune Tidlegare Salangen prestegjeld Salangen sokn

Lavangen kommune Tidlegare Salangen prestegjeld Lavangen sokn

Bardu kommune Tidlegare Bardu prestegjeld Bardu sokn

Balsfjord kommune Tidlegare Balsfjord prestegjeld Balsfjord sokn Malangen sokn

Sjå òg Kyrkjer i Noreg etter kommune

Bakgrunnsstoff Om Indre Troms prosti på nettstaden til Den norske kyrkja

Fotnotar

Kategori:Tidlegare prosti i Noreg Kategori:Troms fylke Kategori:Nord-Hålogaland bispedømme