RahXephon (ラーゼフォン Rāzefon) er ein japansk science fiction-serie om 17-åringen Ayato Kamina, evna hans til å kontrollera ein svær, robot-liknande figur (mecha) som blir kalla RahXephon, og om folka rundt han. Ayato sitt fredelege tilvære som student og kunstnar i Tokyo blir plutseleg avbrote av ei mystisk dame som forfølgjer han, rare maskiner som invaderer byen, og endå rarare maskiner som kjempar tilbake.

Den opphavlege animeserien blei send på Fuji TV i Japan frå januar til september 2002. Han blei skapt og leia av Yutaka Izubuchi og laga av studioet Bones. Serien vart prisløna og fekk gode kritikkar; han blei deretter omsett, kom ut på DVD og blei send på TV i fleire land. Ein film med ei noko omskriven handling og nokre nye scener blei først vist i 2003. Romanar, ein ekstra OVA-episode, eit høyrespel, videospel, illustrasjonsbøker og ein omdanna manga (japansk teikneserieblad) laga av Takeaki Momose kom også ut.

Musikk, tid, mysterium, intrigar og romantikk er viktige element i historia. Serien er påverka av filosofi, japansk folkedikting og vestleg litteratur som skriveria til James Churchward, men òg meir berømte forfattarar. Mesoamerikanske og andre førkolumbiske sivilisasjonar har heidersplassen i serien sin kulturelle bakgrunn.

Izubuchi sa at han med RahXephon røynde å settje ein ny standard for mecha-anime, og å vekkje opp at dei gode sidene åt mecha-anime frå 1970-talet, slik som Brave Raideen. Prestasjonen blei i det store og det heile godt motteken av kritikarane. Serien vann ein pris i Japan. Somme vestlege kritikarane melde serien for seg, medan andre samanlikna RahXephon med andre mecha-seriar som Brain Powerd, Megazone 23 og Neon Genesis Evangelion.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «RahXephon» frå , den 25. april 2026.

Bakgrunnsstoff

RahXephon (anime) på ANN RahXephon på IMDb

Kategori:Anime Kategori:Japanske fjernsynsseriar Kategori:Teiknefilmseriar Kategori:Fjernsynsseriar frå 2000-åra