Thoralf Gilbrant () var ein profilert predikant og forfattar innan den norske pinserørsla.

Bakgrunn Thoralf Gilbrant var eigentleg fødd Gulbrandsen i Stavanger i 1919, som eitt av sju sysken, voks opp i Ryfylke og vart, tross si ungdoms omvending til kristendomen ved eit luthersk bedehus, ein av pinserørsla sine store frontfigurar i Noreg. Han var gift med Tobine og saman hadde dei fem born.

Biografi

Med ei lang karriere som redaktør (Illustrert Norsk Bibelleksikon 1965-1969 og ny utgåve 1986-1992), sette Thoralf Gilbrant uslettelege spor etter seg. Gilbrant var ogso nær medarbeidar med Carl Fredrik Wisløff og Arthur Berg i arbeidet med å få i stand ei moderne språkleg bibelomsetjing for dei lågkyrkjelege kristne. Norsk Bibel utkom i 1988.

Gilbrant utgav ogso ei lang rad andre bøker, mellom anna Studiebibelen, ei gresk-norsk lineæromsetjing av det nye testamente i fem band 1977-1982. Sistnemnde har seinare vorte utvida. Under dei siste ti åri av sitt liv utgav Gilbrant fleire bøker, mellom anna ei bok som omhandla Isaac Newton og hans tilhøve til Bibelens profetiar.

Bibliografi

Tror du dette? 1965 Jeg tror 1970 Tidens tegn 1973 Snart kommer Jesus 1980 EF i politikk og profeti : romerrikets gjenreisning og Antikristens rike 1993 Isaac Newton om profetiene : profeten Daniel og Johannes' åpenbaring 1993 Hva er skjedd med Bibelen? 1994 «Her er ikke mann og kvinne-» 1995 År 2000 : en ny tidsalder 1997 Bortrykkelsen - Jesu Gjenkomst 2001 Israel i endetiden : tillegg: Mysteriet med Israels tapte stammer 2002 År 2000 og den nye tidsalder 2003 Israel i Endetiden 2004 Darwin & endetidens antikristelige verdensreligion 2003

Kjelder

Artikkel om Gilbrant i NBL, skriven av Odd Sverre Hove.

Kategori:Norske forfattarar Kategori:Pinserørsla i Noreg Kategori:Folk frå Stavanger