Rhin er òg det franske namnet på Rhinen
Rhin er ei elv i Brandenburg i Tyskland og ei av sideelvane til Havel frå høgre med ei lengd på 125 km. Ho renn gjennom byen Neuruppin og fleire innsjøar. Eit par kilometer etter Rhinow munnar ho ut i Havel, om lag 20 km før Havel sjølv munnar ut i Elbe.
Kjelde
Kategori:Elvar i Tyskland Kategori:Brandenburg