Burzum er soloprosjektet til Varg Vikernes, som starta 1991 i Bergen. Han har til nyleg vore fengsla for eit drap og kyrkjebrannar utført på 90-talet. thumb|right|Logoen åt Burzum

Bakgrunn

Vikernes hadde spelt gitar i rundt to år, og i 1988 starta han bandet Kalashnikov (som òg er kallenamnet til rilfa AK-47) med to andre kameratar. Dei var interessert i trolldom, vikinghistorie og fantasybøker, spesielt boka Ringdrotten av J.R.R. Tolkien. Dette hadde ein stor påverknad på hans musikk i seinare tid. Vikernes kalla seg for Count Grishnack, ein greve og ork i Ringdrotten.

thumb|right|Burzum-logo, brukt på dei fyrste demoane hans. Året etter vart han med i Old Funeral, og la fantasyinteressa bak seg. Dette svartmetallbandet blei splitta i 1992 til Immortal og Burzum. Allereie før splittinga hadde han spelt inn to demoar, Burzum Demo I og Burzum Demo II. Med desse demoane hadde han fått interesse frå Euronymos, gitaristen i Mayhem, og fekk då platekontrakt med plateselskapet hans. Vikernes var på ingen måte misnøgd med Old Funeral-splittet, sidan han tykte musikken vart for death metal, noko han såg som keisamt. I tillegg følte han ei fridomskjensle med at han kunne laga akkurat den musikken han ville, utan direkte påverknad. Han byrja tidleg på Burzum, det første studioalbumet, som vart spelt inn i Grieghallen januar 1992. Burzum vart òg namnet til einmannsbandet, tyder lyset for hedningar og mørket for truande (kristne).

Diskografi

Demoar, promoar og EP-ar Burzum Demo I (1991) Burzum Demo II (1991) Burzum Promo (1992) Aske (1993)

Studioalbum Burzum (1992) Det som engang var (1993) Hvis lyset tar oss (1994) Filosofem (1996) Dauði Baldrs (1997) Hlidskjalf (1999) Belus' Død (2010) Fallen (2011) Umskiptar (2012) Sôl austan, Mâni vestan (2013) The Ways of Yore (2014)

Samlealbum Draugen – Rarities (2005) Burzum / Aske (1995) Burzum 1992-1997 (1998) Presumed Guilty (1998) Burzum Anthology (2002)

Bakgrunnsstoff

Burzum

Kategori:Norske black metal-band Kategori:Musikkgrupper skipa i 1991 Kategori:Norsk svartmetallmusikk