Vele Srakane er ei øy i Adriahavet ved Kroatia. Ho ligg mellom Lošinj, Unije og Susak, like nord for Male Srakane. Ho har eit areal på 1,18 km²peljar.cvs.hr, og berre 4 innbyggjarar (2021). Administrativt høyrer øya inn under kommunen Mali Lošinj i fylket Primorje-Gorski Kotar.
Den høgaste toppen er Vela Straža på 59 meter. Øya har ingen bilar, butikkar eller innlagd vatn, men har elektrisitet. Det finst ingen hamner på øya, berre to betongkaiar. Øya har vore busett sida førhistorisk tid, mellom anna på Vela Straža.
Folketal Folketalet på øya ved dei siste folketeljingane var:
Folketal 2001 Folketal 2011 Folketal 2021 Vele Srakane 8 3 4
Kjelder
Kategori:Øyar i Kroatia