thumb|270px|Utsnitt av Michelangelos målarstykke i Det sixtinske kapellet der Gud skaper liv i Adam
Kreasjonisme (av latin creatio = skaping) er det filosofiske synet at verda og livet på jorda er skapt av ei eller fleire guddommeleg(e) makter gjennom éi eller fleire særskilte, medvitne skapingshandlingar.
Kreasjonisme står i motsetnad til den darwinistiske utviklingslæra og vert ikkje teken seriøst som forklaringsmodell i vitskapen. Med «intelligent design» er det forsøkt å få kreasjonismen til å framstå som ei vitskapleg lære.
Tradisjonelt har den kristne kyrkja stått på eit kreasjonistisk verdsbilete, men i dag vert retninga identifisert med fundamentalistiske grupperingar. I fleire andre religioner finst det tilsvarande syn og kløyvingar.
I nokre land har det vore diskutert om skolane skal undervise i kreasjonisme, utviklingslære, eller begge delar. Debatten har vore særleg hard i USA; dette har samanheng med at kreasjonismen er blitt ståande som ei symbolsak for somme fundamentalistiske grupper.
Dei fleste større protestantiske kyrkjer og i den katolske kyrkja har per i dag ikkje større problem med evolusjonsteorien: Dei ser for seg at kimen til evolusjonen var innebygd i verda slik ho var skapt av Gud. Dermed er ikkje motstanden mot evolusjonsteorien nå stor lenger i dei største kyrkjesamfunna. Desse tolkar forteljinga om skapinga, slik ho er gjengjeven i Fyrste mosebok, allegorisk heller enn bokstaveleg.
Bakgrunnsstoff Samleside med artiklar om kreasjonisme frå nettavisa forskning.no Norsk kreasjonistisk nettstad Temaside med artiklar frå nettsidene til Skepsis Dansk kreasjonistisk nettstad Evolution Sciences versus Doctrines of Creationism and Intelligent Design
Kategori:Evolusjon Kategori:Kristen teologi