Austfonna er ei iskappe på Nordaustlandet på Svalbard. Med sine 8 102 km² (8 492 km² om ein tek med VegavonnaStatistisk årbok 2007: Geografisk oversikt) er ho arealmessig den største breen i Europa og den åttande største i verda. Breen har eit volum på 1 900 km³ (utanom Vegafonna) som er det nest største i Europa etter Vatnajökull i Island (om ein ser bort frå den større iskappa på Severnyjøya på Novaja Zemlja i Russland, som ligg heilt nordaust i Europa) og den sjuande største i verda.

Austfonna har ein tjukkleik på opp til 560 meter (235 meter i snitt) og ein omkrins på 200 km. Det høgaste punktet på breen er 783 meter over havet.

Den sørlege tredjedelen av Austfonna vert stundom kalla Sørfonna, som er ei separat iskappe skild frå Austfonna av eit isfylt søkk.Artikkel frå 1956

Vegafonna i sørvest heng òg saman med Austfonna, særleg Sørfonna. Ericadalen går mellom dei to breane. Både Sørfonna og Vegafonna dannar eigne kuplar. Like vest for Vegafonna ligg iskappa Glitne, som vert rekna som ein del av Vegafonna.

Vestfonna nordvest på Nordaustlandet er ei heilt eiga iskappe og den tredje største på Svalbard og i Noreg.

Sjå òg Isbrear i Noreg

Kjelder

Delar av denne artikkelen bygger på «Austfonna» frå , den 4. april 2008. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Spatial and temporal variability in snow accumulation on Austfonna, Svalbard.

Kategori:Isbrear på Svalbard Kategori:Nordaustlandet