mini|Wasserkuppe, det høgaste punktet i Rhön og Hessen mini|Vinter i Rhön mini|Enger med mengder av stor kubjølle (Pulsatilla vulgaris) mini|Rhön landskap ved Tann (biletet er teke i juni).

Rhön er ei gruppe låge fjell sentralt i Tyskland i delstatane Hessen, Bayern og Thüringen. Dei har vulkansk opphav og er skild frå nabofjellkjeda Vogelsberg av elva Fulda og dalen ho renn gjennom. Fjellkjeda er ein del av Mittelgebirge.

Desse fjella er ein populær turistdestinasjon. Turgåarar har nesten 6 000 km med turstiar i det naturskjønne området, og seglflypilotar har kome her sidan byrjinga av 1900-talet.

Sidan 1991 har UNESCO erklært Rhön for eit biosfærereservat på grunn av det unike økosystemet.

Fjelltoppar Av fjelltoppar i Rhön finn ein mellom anna Wasserkuppe 950 m (Hessen) Kreuzberg (mountain) 928 m (Bayern) Schwabenhimmel 926 m (Bayern) Heidelstein 913 m (Bayern) Milseburg 835 m (Hessen) Feuerberg 832 m (Bayern) Ellenbogen 814 m (Thüringen)

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Röhn Mountains» frå , den 4. juni 2007.

Bakgrunnsstoff Turisme i Rhönl Rhön turklubb Om Fulda og Rhön i Hessen Virtuell vitjing av Rhön Orkidear i Rhön og informasjon om det lokale plantelivet

Kategori:Mittelgebirge Kategori:Fjellkjeder i Tyskland Kategori:Vulkanar i Tyskland Kategori:Hessen Kategori:Bayern Kategori:Thüringen