Angístri (gresk Αγκίστρι), òg kalla Agistri, Ankistri og Agkistri, er ei lita øy i Dei saroniske øyane i Saroniabukta i Hellas. Ho er dekt av furuskog og er berre eit par kilometer på tvers. Øya er ein kommune i periferieininga Øyane i periferien Attikí.
Busetnadar Det er fire busetnadar på Angístri - Megalokhóri (eller Mýlos), Skála, Metókhi og Limenária. Megalokhóri er den største landsbyen der dei fleste innbyggjarane bur. Metókhi og Skála ligg tjue minuttar unna til fots, og det er her dei fleste turisthotella er. Limenária er ein svært liten landsby på den andre sida av øya med lite turisme. Der er desutan ein ny bustenad på den vesle øya Ápónisos.
Plassering Angístri ligg nær den større saroniske øya Éjina. Herfrå kan ein nå øya med båt på berre ti minutt. Øya ligg ein times båttur frå Pireus.
Byar og tettstader Byane og tettstadene i kommunen er: Tettstad Folketal 2011Folketeljing 2011, revidert Folketal 2021Folketeljing 2021 Megalokhóri 566 627 Skála 448 326 Metókhi 0 71 Limenária 128 60 Apónisos 0 47
Referansar
Angistri Angistri Angistri