Dei egeiske øyane (gresk Νησιά Αιγαίου, Nisiá Egéou; tyrkisk Ege Adaları) er ei gruppe øyar i Egearhavet med fastlandet til Hellas i vest og Tyrkia i aust. Kreta utgjer den sørlege grensa. I antikken vart øyane kalla Arkhipelago, som opphavleg var namnet på Egearhavet. Etter kvart, som på engelsk (archipelago), er dette namnet vorte eit synonym for øygruppe.

Dei greske egeiske øyane er ein av dei tradisjonelle regionane i Hellas. Dei er delt inn i fleire grupper (frå nord til sør): Dei nordegeiske øyane Dei nordlege Sporadane Évvia Dei saroniske øyane Kykladane Dodekanesane Kreta

Nesten alle dei egeiske øyane høyrer til Hellas og er delt mellom ni administrative periferiar. Tyrkia eig øyane Gökçeada (Ímvros), Bozcaada (Ténedos) og åtte småøyar utanfor vestkysten.

Områda rundt nokre av øyane og luftrommet over dei er kjelda til ein pågåande strid mellom Hellas og Tyrkia. «Dei italienske egeiske øyane» (italiensk: Isole Italiane dell-’Egeo) vert stundom nytta om dei egeiske øyane Italia erobra under den tyrkisk-italienske krigen i 1912 og som vart annektert i 1923. Desse øyane, hovudsakleg Dodekanesane, var italienske fram til 1947.

Periferiane og periferieiningane

Periferiane i Dei egeiske øyane og periferieiningane deira er: Periferi Hovudstad Areal Folketal 2021Folketeljing 2021 </tr> Dei nordlege egeiske øyane består av: 3 836 km²194 943 1 Periferieininga Ikaría Ájos Kírykos 301 km²10 186 2 Periferieininga Sámos Sámos by 476 km²32 642 3 Periferieininga Khíos Khíos by 904 km²51 692 4 Periferieininga Lésvos Mytilíni 1 633 km²83 755 5 Periferieininga Límnos Mýrina 519 km²16 668 Dei sørlege egeiske øyane består av: Lamía 5 286 km²327 820 6 Periferieininga Ándros Ándros by 380 km²8 826 7 Periferieininga Tínos Tínos 195 km²8 934 8 Periferieininga Mýkonos Mýkonos 105 km²10 704 9 Periferieininga Sýros Ermoúpoli 102 km²21 124 10 Periferieininga Kéa-Kýthnos Ioulída 247 km²3 903 11 Periferieininga Mílos Mílos 362 km²10 130 12 Periferieininga Páros Páros 242 km²15 785 13 Periferieininga Náxos Náxos 622 km²22 539 14 Periferieininga Thíra Firá 315 km²19 044 15 Periferieininga Kálymnos Kálymnos 301 km²31 383 16 Periferieininga Kos Kos 337 km²37 089 17 Periferieininga Kárpathos-Kásos Kárpathos 394 km²7 790 18 Periferieininga Ródos Ródos by 1 587 km²129 521 Totalt Dei egeiske øyane 9 122 km²522 763

Sjå òg Øyar i Hellas Øyar i Tyrkia

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Aegean Islands» frå , den 5. august 2007.

Referansar

Egeiske Egeiske Egeiske Egeiske