Préveza (gresk Πρέβεζα) er ein by og ein kommune i periferieininga med same namn i Ípiros i Hellas. Han er òg hovudstad i periferieininga. Préveza ligg nær den vestlege delen av Ártabukta. Ruinane av den antikke byen Nikópolis ligg 5 km nord for byen.
Préveza var åstad for slaget ved Préveza i 1538, der den mindretallige tyrkiske flåten til Barbarossa slo Andrea Doria.
Administrativ inndeling mini|venstre|Den tidlegare kommunen Préveza, no kommunaleininga Préveza Kommunen vart danna i 2011 ved at ein slo saman dei tidlegare kommunane Préveza Loúros Zálongo Dei tre tidlegare kommunane er no kommunaleiningar.
Ved folketeljinga i 2021 hadde kommunen 30 841 innbyggjarar, medan kommunaleininga Préveza hadde 22 868 og tettstaden med same namn 19 309 innbyggjarar.
Byar og tettstader Dei største byane og tettstadene i kommunen er: Tettstad Kommunaleining Folketal 2011Folketeljing 2011, revidert Folketal 2021Folketeljing 2021 Préveza Préveza 19 042 19 309 Loúros Loúros 1 938 1 769 Néos Oropós Loúros 1 304 1 127 Mýtikas Préveza 1 142 1 052 Kanáli Zálongo 907 995 Psatháki Préveza 930 910 Néa Sampsoúnda Zálongo 570 540 Néa Sinópi Zálongo 533 486
Referansar
Kjelde
Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad (gresk)
Preveza Preveza Preveza Preveza Preveza Preveza