Slåtterøy fyrstasjon ligg på Slåtterøy, ei av dei ytterste Fitjarøyane i Selbjørnsfjorden og høyrer i dag til Bømlo kommune. Fyret vart oppretta i 1859 og er 25 meter høgt. Fyret er det mest lyssterke i landet etter at det kom elektrisk kraft fram i 1958Birger Bjørkhaug og Sven Poulsson. Norges fyr, bind 1. Fra svenskegrensen til Stadt. Oslo, 1986., og frå ei høgd på 45,8 meter over havet lyser lykta 18,5 nautiske mil ut i havet. Frå landingen og opp til fyret går ein 300-400 meter lang veg i hogd stein.Lys i mørke: En ny hverdag - Dokumentarserie på NRK
Fyret var heimstad til tre familiar fram til 1958, då desse vart flytta i land, medan vaktarane hadde hyblar på fyret.
Fyret vart automatisert på 1980-talet og avfolka i 2003. I 1999 vart fyret freda av Riksantikvaren med heimel i kulturminnelova.
Klima
Sidan juli 1923 har det vore vêrstasjon i drift på Slåtterøy. Denne vart automatisert i 1997. Slåtterøy er ein av stasjonane i Noreg med høgaste årsmiddeltemperatur.
Normalar for Slåtterøy fyreklima på met.no Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År Temperaturnormal (°C) 2,5 2,1 3,1 5,0 8,7 11,5 13,1 13,8 11,9 9,5 5,9 3,8 7,6 Nedbør (mm) 110 83 93 68 68 79 82 116 165 164 163 137 1328
Fotnotar
Bakgrunnsstoff
Kategori:Fyr i Vestland Kategori:Byggverk i Bømlo Kategori:Samferdsle i Bømlo Kategori:Kulturminne i Bømlo Kategori:Freda bygg i Vestland Kategori:Fitjarøyane Kategori:øyar i Bømlo