Tom Andre Hilde () er ein norsk skihoppar frå Asker. Han vart norsk meister i normalbakken i 2013 og har vunne fire sølvmedaljar og to bronsemedaljar med det norske hopplandslaget åra 2007-11. Hilde er medlem i Asker Skiklubb.
Aktiv skihoppar Hilde fekk sitt store gjennombrot i hoppbakken i 2008-sesongen. Då vann han to renn i verdscupen, den tredje sigeren i verdscuprenn kom i 2011. Fire gongar i perioden 2007-11 har han vore med å vinne sølvmedaljar for Noreg i lagtevlingar under verdsmeisterskapane, han var og med i kvartetten som vann bronsemedaljar under Vinter-OL 2010. Også i lagtvlinga under skiflygings-VM 2008 var han med å vinne bronsemedaljar. Femteplassen i normalbakken i VM 2011 er hans beste individuelle plassering i internasjonale meisterskap. Han vart nummer tre i den tysk-austerrikske hoppveka 2010/11. Vinteren 2013 kneip han gullmedaljen i noregsmeisterskapen i normalbakken i Rena, framom Anders Fannemel.
Besteplasseringar i internasjonale meisterskap VM 2007 Sapporo: Nr 12 i storbakken. Med på laget som tok sølv, saman med Roar Ljøkelsøy, Anders Bardal og Anders Jacobsen. VM 2009 Liberec: Nr 16 i normalbakken. Med på laget som tok sølv, saman med Anders Bardal, Johan Remen Evensen og Anders Jacobsen. OL 2010 Vancouver: Nr 11 og 12 i dei to renna. Med på bronselaget, som bestod av dei same fire som i VM året før. VM 2011 Oslo: Nr 5 i normalbakken og 10 i storbakken. Han var saman med Anders Bardal og Anders Jacobsen med på begge sølvlaga. Bjørn Einar Romøren var den fjerde på laget i normalbakken. I storbakken var Johan Remen Evensen den fjerde norske hopparen.
Besteplasseringar i internasjonale renn 2006: Nr 19 på Lillehammer (debut) 2007: Nr 4 i Zakopane 2008: To sigrar i Val di Fiemme og to andre- og fire tredjeplassar 2008/09: Nr 5 i Engelberg og i Planica (skiflyging) 2010: Nr 5 i Willingen 2011: Siger i Bischofshofen, to andre- (Zakopane, Oberstdorf) og tre tredjeplassar
Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap Ski-NM 2006: Nr 6 i normalbakken i Heddal Ski-NM 2007: Nr 4 i storbakken på Lillehammer Ski-NM 2008: Sølvmedalje i storbakken i Trondheim Ski-NM 2009: Bronsemedalje i storbakken på Lillehammer Ski-NM 2010: Nr 4 både i normalbakken i Vikersund og i storbakken i Trondheim Ski-NM 2011: Nr 6 i storbakken i Oslo Ski-NM 2012: Nr 9 i normalbakken på Voss Ski-NM 2013: Gullmedalje i normalbakken på Rena Ski-NM 2014: Bronsemedalje i normalbakken i Molde Ski-NM 2015: Bronsemedalje i normalbakken i Heddal Ski-NM 2016: Ski-NM 2017: Nr 4 i storbakken i Trondheim
Kjelde Sportsboken, aktuelle årgangar
Kategori:Norske skihopparar Kategori:Noregsmeistrar i skihopping Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Noreg Kategori:Olympiske medaljevinnarar i skihopping Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 2010 Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 2010 Kategori:Skihopparar under vinter-OL 2010 Kategori:Deltakarar under Ski-VM 2007 Kategori:Deltakarar under Ski-VM 2009 Kategori:Deltakarar under Ski-VM 2011 Kategori:Deltakarar under Ski-VM 2013 Kategori:Folk frå Asker