Bitola (makedonsk Битола) er ein by og ein kommune i regionen Pelagonia i Nord-Makedonia. Kommunen fekk sitt noverande omfang i 2004, då dei tidlegare kommunane Bistritsa, Kukuretsjani og Tsapari vart innlemma i kommunen.
Med 85 164 innbyggjarar var kommunen den tredje største etter Skopje og Kumanovo ved folketeljinga i 2021. Sjølve byen Bitola var med sine 69 287 innbyggjarar den tredje største byen i Nord-Makedonia etter Skopje og Kumanovo i 2021.
Bitola ligg sør i Pelagoniadalen, sørvest i landet, og er eit senter for administrasjon, kultur, industri, handel og utdanning. Rundt byen ligg fjella Baba og Nidže. Grensa til Hellas ligg berre 14 km lenger sør. Bitola er eit viktig trafikknutepunkt mellom hovudvegen frå det sørlege Adriahavet til Egearhavet og Sentral-Europa.
I perioden under Det osmanske riket vart byen kalla «Byen av konsulane» sidan mange europeiske land hadde konsulat i Bitola.
Av innbyggjarar er dei fleste etniske makedonarar (88,7 %). Kommunen har òg mindre folkegrupper av albanarar (4,4 %), roma (2,7 %), tyrkarar (1,7 %) og vlacharar (1,3 %).
Byen er heimstad for St. Klement av Ohrid-universitetet i Bitola, Makedonia sitt nest største universitet.
Historie I nærleiken av sentrum i Bitola låg den antikke byen Heraclea-Lyncestis. Under Austromarriket heitte byen Monastiri, som tyder «kloster» på gresk. Mot slutten av 1300-talet vart Bitola ein del av Serbia under Stefan Dušan. Byen vart erobra av Det osmanske riket på 1400-talet. Då Serbia tapte byen etter den første balkankrigen fekk han namnet Bitolj etter det slaviske ordet obitel som tyder kloster. På makedonsk er ordet for kloster manastir.
Busetnader i kommunen Dei største busetnadene i kommunen var: Busetnad Folketal 2002Folketeljing 2002, detaljerte resultat Folketal 2021 Bitola 74 550 69 287 Gorno Orizari 2 454 2 521 1 834 1 734 Bukovo 3 494 1 125 880 815 Kukuretsjani 966 784 Bistritsa 1 015 734
Bakgrunnsstoff
Bilete frå Bitola Informasjon om Bitola
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Bitola» frå , og «Bitola» frå den 2. februar 2008.
Referansar
Kategori:Byar i Nord-Makedonia Kategori:Kommunar i Nord-Makedonia Kategori:Busetnader i Statistisk region Pelagonia