Tetovo (makedonsk Тетово; albansk Tetovë; tyrkisk Kalkandelen) er ein by og ein kommune i regionen Polog i Nord-Makedonia. Den noverande kommunen vart oppretta i 2004 ved at ein slo saman dei tre tidlegare kommunane Tetovo, Sjipkovitsa og Dzjeptsjisjte.

Kommunen har eit areal på 261,89 km². I 2021 hadde kommunen 84 770 innbyggjarar, medan sjølve byen hadde 63 176 innbyggjarar.

Byen ligg 468 meter over havet. Det ligg to universitet i byen, Statsuniversitetet Tetovo og det internasjonale Sørausteuropeiske universitetet.

Namn Tetovo tyder «Teto sin stad» og myta skal ha det til at byen vart kalla opp etter den legendariske helten Teto, som visstnok rydda byen for slangar.

Geografi Byen ligg ved foten av Šar Planina og er delt i to av elva Pena. Tetovo kommune har internasjonal grense til Kosovo i nord og vest og til dei nordmakedonske kommunane Teartse i nordaust, Jegunovtse i aust, Zjelino i søraust, Brvenitsa i sør og Bogovinje i sørvest.

Historie mini|venstre|Ortodoks kyrkje i Tetovo. Sjølv om det har vore innbyggjarar i området sidan bronsealderen, men sjølve Tetovo vart offisielt grunnlagd på 1300-talet som ein liten ortodoks busetnad rundt kyrkja Sveta Bogorodica. På slutten av 1300-talet kom byen inn under Det osmanske riket og det vart bygd moskéar, bad og marknader alt på byrjinga av 1400-talet. Tetovo vart eit viktig handelssenter for dei lokale bøndene og handverkarane og ein viktig militærfestning. Tyrkarane kalla byen Kalkandelen.

I 1912 under den første balkankrigen kom Tetovo inn under Serbia. Under den andre verdskrigen vart byen styrt av Italia og regimet deira i Albania.

Busetnader i kommunen Dei største busetnadene i kommunen var: Busetnad Folketal 2002Folketeljing 2002, detaljerte resultat Folketal 2021 Tetovo 52 915 63 176 Golema Retsjitsa 3 977 3 604 Dzjeptsjisjte 4 051 3 338 Poroj 2 899 2 653 Mala Retsjitsa 8 353 2 468 Seltse 2 538 2 239 Sjipkovitsa 2 826 1 540 1 087 1 153 1 127 848 1 136 734 1 020 633

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Tetovo» frå , den 2. februar 2008.

Referansar

Kategori:Byar i Nord-Makedonia Kategori:Kommunar i Nord-Makedonia Kategori:Busetnader i Statistisk region Polog