Kavadartsi (makedonsk Кавадарци) er ein by og ein kommune i regionen Vardar i Nord-Makedonia. Den noverande kommunen vart oppretta i 2004 ved at ein slo saman dei to tidlegare kommunane Kavadartsi og Konopisjte.
Kommunen har eit areal på 992,44 km². I 2021 hadde kommunen 35 733 innbyggjarar, medan sjølve byen hadde 32 038 innbyggjarar.
Kavadartsi ligg i regionen Tikvesj (makedonsk Тиквеш) i hjartet av landet sitt viktigaste vinområde. Her ligg òg den største kunstige innsjøen i landet og den største vingarden i Søraust-Europa, begge kalla opp etter sletta Tikvesj.
Busetnader i kommunen Dei største busetnadene i kommunen var: Busetnad Folketal 2002Folketeljing 2002, detaljerte resultat Folketal 2021 Kavadartsi 29 188 32 038 1 1 562 – 1 910 892 997 813 804 676 648 508 Vatasja 3 502 103 1 Glisjikj og det meste av av Vatasja innrekna i Kavadartsi i 2021
Bakgrunnsstoff Kavadartsi på VirtualTourist.com Tikveski Grozdober Offisiell side for Tikvesj Kavadarci.info
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Kavadarci» frå , den 2. februar 2008.
Fotnotar
Kategori:Byar i Nord-Makedonia Kategori:Kommunar i Nord-Makedonia Kategori:Busetnader i Statistisk region Vardar