Paul Keres () var ein estisk sjakkspelar, stormeister i sjakk og ein av dei sterkaste spelarane som aldri vart verdsmeister i sjakk.

Keres var nær ved å få tvikamp om Verdsmeistertittelen i sjakk ved 5 høve. Han vann AVRO-turneringa i Nederland i 1938, og dette førte til forhandlingar om ein VM-kamp mot dåverande verdsmeister Alexander Alekhine, men denne kampen vart aldri noko av på grunn av den andre verdskrigen. Etter krigen vart han nummer 2 i Kandidatturneringa i sjakk i 4 påfølgjande høve.

På grunnlag av desse og andre sterke resultat, har mange kommentatorar rekna Keres for den sterkaste spelaren som aldri vart verdsmeister i sjakk. Han har blitt kalla «den evige toar» på grunn av dei 4 andreplassane i kandidatturneringa. Han vart også kalla «The Crown Prince of Chess», 'Kronprinsen av sjakk'.David Hooper, Ken Whyld, Kenneth Whyld, The Oxford Companion to Chess, Oxford University Press 1992, side 198

Unge år

Paul Keres var fødd i byen Narva i Estland. Alt frå fireårsalderen lærte han å spele sjakk av far sin og ein eldre bror."Keres, Paul." Encyclopædia Britannica. 2009. Encyclopædia Britannica Online. 27 June 2009 Det var ikkje mykje sjakklitteratur å oppdrive i denne vesle byen, så Keres lærte sjakknotasjon frå sjakkoppgåva i dagsavisa. Han laga ei handskriven samling på nesten 1000 sjakkparti.Paul Keres, Grandmaster of Chess: The Complete Games of Paul Keres, ed. and trans. by Harry Golombek, Arco, New York, 1977.

Keres deltok i offentleg sjakkspel frå han var 13. I dei første åra var han kjend å spele skarpe og briljante angrepsparti. Han vart tre gongar estisk meister for skuleelevar, i 1930, 1932 og 1933. Spelet vart mognare etter at han spelte store mengder postsjakk medan han gjekk på vidaregåande skule. Frå 1937 til 1941 studerte Keres matematikk ved Universitetet i Tartu. Han representerte då universitetet ved fleire kampar mot andre universitet.

Paul Keres sin sjakkarriere

Åra før andre verdskrigen

Keres vart estisk meister i sjakk første gong i 1935. Han delte førsteplassen i turneringa med Gunnar Friedemann med +5 =1 -2, og vann så stikkampen med +2 =0 −1.Grandmaster of Chess, av Paul Keres, Arco 1972, sidene 188–189

Som estisk meister fekk Keres spele på førstebord for Estland i den 6. Sjakkolympiaden (lag-VM i sjakk) i Warszawa i 1935. Dette vart det internasjonale gjennombrotet hans. Mot sterk internasjonal motstand skåra han 12,5 poeng på 19 parti, +11 =3 -5, og stod fram som ei ny stjerne, beundra også for spelestilen. Suksessen gav han sjølvtillit og ikkje minst invitasjonar til å delta i internasjonale turneringar.olimpbase.org

I Helsingfors i 1935 vart han nummer 2 etter Paulin Frydman med 6,5/8 (+6 =1 −1). Han vann i Tallinn 1936 med 9/10 (+8 =2 −0). Den første verkelege store internasjonale turneringa vann han i Bad Nauheim i 1936, der han delte førsteplassen med Alexander Alekhine med 6,5/9 (+4 =5 −0). Keres sleit i Dresden i 1936, der han berre fekk ein delt 8-9.-plass, med (+2 =3 −4), men skreiv sidan at han lærte ei viktig lekse av dette. Det gjekk betre i Zandvoort 1936 med delt 3-4.-plass (+5 =3 -3). Deretter forsvarte han tittelen sin som estisk meister i 1936 ved å spele uavgjort i ein tvikamp mot Paul Felix Schmidt med (+3 =1 −3).http://www.chessmetrics.com, Paul Keres spelarfil

Keres hadde eit fantastisk år i 1937. Han vann i Tallinn med 7,5/9 (+6 =3 -0). Så delte han førsteplassen i Margate med Reuben Fine med 7,5/9 (+6 =3 −0), 1,5 poeng framom Alekhine. I Ostende delte han 1-3.-plass med Fine og Henry Grob med 6/9 (+5 =2 -2).Ostende 1937 , vitja 16. juni 1937 Keres dominerte i Praha med førsteplass med 10/11 (+9 =2 -0). Så vann han ei tematurnering i Wien med 4,5/6 (+4 =1 −1); i turneringa starta alle partia med trekka 1.d4 Sf6 2.Sf3 Se4, dette blir kalla Dory-forsvaret. Han delte 4-5.-plass i Kemeri med (+8 =7 −2), der Salo Flohr, Vladimirs Petrovs og Samuel Reshevsky delte førsteplassen. Så delte han 2-4.-plass i Pärnu med 4,5/7 (+3 =3 −1). Denne serien med gode resultat gav han ein invitasjon til den svært sterke turneringa i Semmering 1937, som han vann med 9/14 (+6 =6 −2), framom Fine, José Raúl Capablanca, Reshevsky og Erich Eliskases. Han delte andreplass i Hastings 1937-38 med 6,5/9 (+4 =5 −0) (eit halvt poeng etter Reshevsky), og i Noordwijk 1938 (etter Eliskases) med 6,5/9 (+4 =5 −0). Keres spelte uavgjort i ein oppvisingskamp i Stockholm 1938 mot Gideon Ståhlberg med 4-4 (+2 =4 −2).

Paul Keres heldt fram med å representere Estland med suksess i sjakk-OL.Resultata hans for Estland, kjelde Olimpbase. Resultatet frå det uoffisielle sjakk-OL i München 1936 er frå Grandmaster of Chess, av Paul Keres, Arco 1972, s. 188. sjå også München 1936, Estland bord 1, 15,5/20 (+12 =7 -1), gullmedalje for beste prestasjon på første bord; Stockholm 1937, Estland bord 1, 11/15 (+9 =4 -2), sølvmedalje for prestasjonen på første bord;http://www.olimpbase.org/1937/1937in.html Buenos Aires 1939, Estland bord 1, 14,5/19 (+12 =5 -2), Estland sitt lag tok bronsemedalje.http://www.olimpbase.org/1939/1939in.html

VM-kamp som ikkje vart noko av I 1938 delte Keres førsteplassen med Reuben Fine i AVRO-turneringa i sjakk, med 8,5/14. Turneringa vart spelt i fleire byar i Nederland, og samla alle toppspelarane i verda: Mikhail Botvinnik, Max Euwe, Reshevsky, Alekhine, Capablanca and Flohr. Keres vann på kvalitetsberekning fordi han vann 1½-½ mot Fine i dei to partia dei i mellom.endgame.nl Vitja 11. april 2009

Det var venta at vinnaren av denne turneringa skulle vere utfordrar til VM-tittelen, i ein tvikamp mot regjerande verdsmeister Alexander Alekhine. Men utbrotet av andre verdskrigen i 1939, og særleg Sovjetunionen sin første okkupasjon av Estland i 1940-1941, førte til at forhandlingane med Alekhine stogga opp. Keres hadde begynt å studere ved universitetet i 1938, og dette spelte også ei rolle.

Keres sleit i Leningrad-Moskva 1939 med ein delt 12-13.-plass. Han skreiv seinare at han ikkje hadde hatt nok tid til å førebu seg til denne sterke turneringa. Men han kom sterkt tilbake og vann Margate 1939 med 7,5/9 (+6 =3 -0), framom Capablanca og Flohr.

Andre verdskrigen Då andre verdskrigen braut ut var Keres i Buenos Aires som deltakar i sjakkolympiaden. Han blei verande for å spele i ei internasjonal turnering i Buenos Aires etter olympiaden, og delte der førsteplassen med Miguel Najdorf med 8,5/11 (+7 =3 -1).

Keres spelte deretter ein tvikamp over 14 parti mot tidlegare verdsmeister i sjakk Max Euwe i Nederland, halde i tida desember 1939 til januar 1940. Etter hard kappestrid klarte Keres å vinne tvikampen med 7,5-6,5 (+6 =3 -5). Dette var ein sterk prestasjon — ikkje berre var Euwe tidlegare verdsmeister frå 1935 til 1937, men han hadde også langt større erfaring med slike tvikampar enn Keres-

Estland okkupert av Sovjetunionen Som følgje av Molotov-Ribbentrop-pakta av 23. august 1939 vart Estland annektert av Sovjetunionen den 6. august 1940. Keres spelte i sitt første Sovjetmeisterskap i Moskva 1940 (Den 12. Sovjetmeisterskapen), der han vart nummer 4 med (+9 =6 -4) i eit uvanleg sterkt beite. Han plasserte seg mellom anna framom meisteren frå året før Mikhail Botvinnik. Det sovjetiske sjakkforbundet organiserte i 1941 «Den absolutte meisterskapen for Sovjetunionen», der dei seks fremste frå sovjetmeisterskapen i 1940 møtte kvarandre fire gongar kvar. Turneringa vart delt mellom Leningrad og Moskva. Botvinnik vann denne supersterke turneringa med 13,5/20. Keres vart nummer to med 11/20, framom Vasilij Smyslov, Isaak Boleslavskij, Andor Lilienthal og Igor Bondarevskij.

Estland okkupert av Nazi-Tyskland Etter at Nazi-Tyskland invaderte Sovjetunionen den 22. juni 1941 kom Estland under tysk kontroll. I 1942–1943 spelte både Keres og Alekhine i fire turneringar organiserte av Ehrhardt Post, president i nazistane sitt Grossdeutscher Schachbund. Alekhine vann i Salzburg i juni 1942 (Seks-meister-turnering), München i september 1942 (såkalla Europameisterskap i sjakk) og i Praha i april 1943 (internasjonal turnering), kvar gong framom Keres, som vart nummer to i alle desse tre turneringane. Dei delte førsteplassen i Salzburg i juni 1943 (Seks-meister-turnering), med 7,5/10.

I løpet av andre verdskrigen spelte Keres fleire andre sjakkturneringar. Han vann alle 15 partia i den estiske meisterskapen i Tallinn 1942 og vann alle fem partia i Posen 1943. Han vann også den estiske meisterskapen i Tallinn 1943, og ei turneringa i Madrid i 1944 (13/14, +12 =2 -0). Han vart nummer 2, etter Stig Lundholm, i Lidköping 1944, då han deltok i den svenske meisterskapen i sjakk utanfor konkurranse. Keres vann ein tvikamp mot Folke Ekström i Stockholm i 1944 med 5-1 (+4 =2 -0).

Farlege tider

Avsluttinga av andre verdskrigen medførte at Paul Keres kom i ein vanskeleg og farleg situasjon. I løpet av krigen var heimlandet Estland blitt okkupert i rekkefølgje av Sovjetunionen, Tyskland og igjen Sovjetunionen. Keres hadde deltatt i fleire turneringar i det tysk-okkuperte Europa, og då Sovjetunionen igjen okkuperte Estland i 1944, prøvde Keres utan hell å flykte. Han vart deretter trakassert av dei sovjetiske styresmaktene (KGB) og frykta for livet sitt. Heldigvis unngjekk han å bli deportert til Gulag i Sibir eller ei verre skjebne — jamfør det som skjedde med sjakkspelaren Vladimirs Petrovs.

Men Keres fekk til å begynne med ikkje vere med i internasjonale turneringar, trass i at han viste framifrå form. Han vann den baltiske meisterskapen i Riga 1944/45 med (10,5/11). Truleg av politiske grunnar kom han ikkje med på 10-mannslaget til Sovjetunionen som spelte radiokamp mot USA i 1945, og han deltok ikkje i den første store turneringa etter krigen, Groningen 1946, som Botvinnik vann, rett framom Euwe og Vasilij Smyslov.

Han vann den estiske meisterskapen i Tallinn i 1945 med 13/15 (+11 =4 -0), framom fleire sterke gjestar frå Sovjetunionen, som Alexander Kotov, Alexander Tolusj, Lilienthal og Flohr. Han vann så i Tbilisi 1946 (han deltok utanfor konkurranse i den georgiske meisterskapen), med heile 18/19, framom Vladas Mikenas og ein 16 år gammal Tigran Petrosjan.

Keres kom tilbake til internasjonalt spel i 1946 i radiokampen mellom Sovjetunionen og Storbritannia, og heldt fram med sterke resultat i dette året og neste år.

Verdsmeister-kandidat (1948-65)

Verdsmeisterskapen 1948

Verdsmeisteren i sjakk Aleksander Alekhine døydde i 1946, og etter forhandlingar bestemte Verdssjakkforbundet FIDE at det skulle spelast ei VM-turnering i 1948 for å kåre etterfølgjaren. Turneringa vart delt mellom Haag og Moskva, og hadde 5 deltakarar:

Mikhail Botvinnik, Vasilij Smyslov, Keres, Samuel Reshevsky og Max Euwe. (Reuben Fine hadde også blitt invitert, men takka nei.) Kvar spelar møtte kvar av motstandarane 5 gongar. Botvinnik vann klart med 14/20, Smyslov kom på andreplass med 11/20, og Keres enda på delt tredjeplass saman med Reshevsky med 10,5 av 20 moglege. Max Euwe var heilt ute av form og enda på 4/20.http://www.mark-weeks.com/chess/48$c$wix.htm

I dei individuelle møta med vinnaren Botvinnik tapte Keres 4 av dei 5 partia, han vann berre i siste runde, etter at turneringsresultatet allereie var klart.