Mariann Vestbøstad Marthinsen () er ein norsk symjar og langrennsløpar frå Fitjar. Ho er mellom dei beste handikapsymjarane i verda. Ho tevlar for klubben Vestkantsvømmerne i Bergen, der ho også bur og er vernepleiarstudent. Då Vestbøstad var to år gamal, måtte ho amputera høgrefoten. Til vanleg brukar ho ei beinprotese. Hausten 2009 gifte ho seg og tok namnet til ektemannen, Marthinsen.
Mariann Vestbøstad har vunne drøye tretti NM-gullmedaljar og ei VM-gullmedalje og ein sylmedalje, og har sytten verdsrekordar i ulike øvingar. I Paralympics i Beijing 2008, tok ho bronsemedalje på 100 meter rygg. I 2004 deltok ho i Paralympics i Aten og i Beijing i 2008. Ho vart kåra til årets funksjonshemma utøvar i Noreg for 2005 på Idrettsgallaen i 2006.
Under Paralympics i Vancouver i 2010 var Vestbøstad norsk flaggberar. Her deltok ho i langrennspigging, og tok ein femteplass. I februar tok ho sin fyrste gullmedalje i langrenn, under sprint i Oberried i Tyskland. Under Ridderrennet i april same året vart ho tildelt Erling Stordahls ærespris for prestasjonane sine som handikappa idrettsutøvar. I mai 2013 vart ho tildelt Egebergs Ærespris. Idrett.no, 13.05.13: Kammerherre Egebergs Ærespris 2013
Kjelder
Aftenposten, 17. juli 2006: "For mange ser begrensningene og ikke mulighetene".
Bakgrunnsstoff
Kategori:Norske symjarar Kategori:Norske langrennsløparar Kategori:Norske handikappidrettsutøvarar Kategori:Paralympiske meistrar for Noreg Kategori:Paralympiske sølvmedaljevinnarar for Noreg Kategori:Paralympiske bronsemedaljevinnarar for Noreg Kategori:Norske deltakarar under Paralympiske sommarleikar 2004 Kategori:Symjarar under Paralympiske sommarleikar 2004 Kategori:Norske deltakarar under Paralympiske sommarleikar 2008 Kategori:Symjarar under Paralympiske sommarleikar 2008 Kategori:Norske deltakarar under Paralympiske vinterleikar 2010 Kategori:Langrennsløparar under Paralympiske vinterleikar 2010 Kategori:Norske deltakarar under Paralympiske sommarleikar 2012 Kategori:Symjarar under Paralympiske sommarleikar 2012 Kategori:Norske deltakarar under Paralympiske vinterleikar 2014 Kategori:Langrennsløparar under Paralympiske vinterleikar 2014 Kategori:Vinnarar av Egebergs Ærespris Kategori:Folk frå Fitjar