8. april er den 98. dagen i den gregorianske kalenderen (99. under skotår). Det er 267 dagar att av året.

Merkedag

Nasjonaldagar og nasjonale flaggdagar 100px|Flagget til romfolket. Nasjonaldagen til romfolket (sigøynarane) og romanifolket (tatarane, dei reisande). Dagen blei først markert den 8. april 1972 då flagget og nasjonalsongen vart fastsett i London i England.

Religiøs helgedag

Namnedag

Helgendag i den katolske kyrkja: Dei heilage Januarius, Maxima og Makaria

Hendingar

Utlandet 217: Den romerske keisaren Caracalla blei drepen og etterfølgd av Macrinus. 1378: Bartolomeo Prignano blei vald til pave etter Gregorius XI og tok namnet Urban VI. Dette innleidde det stora skismaet, som kom til å vara fram til 1417. 1455: Alfonso de Borja blei vald til pave etter Nikolas V og tok namnet Calixtus III. 1767: Kongedømet Ayutthaya fall for burmesiske erobrarar. 1835: Den første transatlantiske dampskipruta opna. 1904: Frankrike og Storbritannia inngjekk avtalen Entente cordiale. 1942: Andre verdskrigen. Japanese styrkar tok Bataan på Filippinane.

Noreg 1940: Andre verdskrigen. Britane minela Vestfjorden i Nordland i eit forsøk på å stoppa den tyske jernmalm-trafikken frå Narvik. Rundt 200 døydde då det tyske troppetransportskipet «Rio de Janeiro» blei torpedert av ein ubåt utenfor Lillesand. 1948: Strong av Oslo havarerer utanfor Eigersund og ni mann bleiv. 1973: «Anders Langes Parti til sterk nedsettelse av skatter, avgifter og offentlige inngrep» (no Framstegspartiet) vart tufta under eit folkemøte på Saga Kino i Oslo. 1975: Kong Olav V opnar Haugesund lufthamn, Karmøy.

Fødde mini|Sonja Henie vart fødd i 1912

1605: Kong Filip IV av Spania 1818: Kong Kristian IX av Danmark 1859: Edmund Husserl, tysk filosof 1883: Olav Midttun, norsk forlagsmann og målmann 1912: Sonja Henie, norsk idrettsutøvar og filmskodespelar 1916: Arthur Berg, norsk journalist og målmann 1920: Ingmar Relling, norsk møbeldesignar 1930: Kåre Lunden, norsk historikar 1934: Frans Widerberg, norsk målar 1938: Kofi Annan, ghanesisk diplomat 1944: Odd Nerdrum, norsk målar 1951: Geir Haarde, islandsk politikar 1964: Dordi Nordby, norsk idrettsutøvar

Døde mini|upright|Pablo Picasso i 1962

632: Kong Charibert II av Aquitaine 1143: Keisar Johannes II Komnenos av Austromarriket 1492: Lorenzo de' Medici, italiensk statsmann 1909: Venceslaus Ulricus Hammershaimb, færøysk prest og filolog, opphavsmann til det moderne færøyske skriftspråket. 1950: Vatslav Nizjinskij, polsk-russisk ballettdansar 1973: Pablo Picasso, spansk kunstnar 2013: Margaret Thatcher, britisk statsminister