Meridianbukk er ei bille i trebukkfamilien. Arten førekjem i Europa nord til Sør-Skandinavia og vest i Sibir, og går hovudsakleg på lauvtre. I Noreg er han truleg tettast knytt til eik, og reknast som sjeldan - berre 4 av totalt 35 funn av arten er gjort etter 1980.

Levesett Meridianbukken legg egga sine i jorda, i staden for direkte i ved. Larvane grev seg fram til vertsmaterialet sitt sjølv, og føretrekk daude og rotne røter. Først gneg dei under borken, seinare gneg dei i veden opp mot stubben.

Dei forpuppar seg oftast i jorda, og utviklingstida er minst to år. Vaksne biller er ofte å finna på blomar.

Kjelder Norges Biller Artsdatabanken

Bakgrunnsstoff

Kategori:Trebukkar