Finnsnes kyrkje er ei arbeidskyrkje i Senja kommune i Troms.
Kyrkja vart teikna av arkitekt Nils Toft og er bygd i betong og tegl. Ho stod ferdig i oktober 1979 og vart vigsla av biskop Kristen Kyrre Bremer.
Finnsnes kyrkje ligg i sentrum av kommunesenteret Finnsnes like ovanfor Finnsnesvatnet. Ho ligg på ein haug, der konstruksjonen hennar følgjer det naturlege terrenget, og er godt synleg frå byen. Koret, eller fronten, hjå kyrkja er konstruert i vinkel og har retning mot aust. Nært kyrkja er det ein park, i tillegg til ein del grøntareal rundt ho.
Som arbeidskyrkje har ho attåt sjølve kyrkjerommet forsamlingsrom for kyrkjelyden, ungdomsrom, barnehage, kontor og kjøkken. Såleis er ho utstyrt med alt kyrkja treng som ein institusjon. Kyrkja har 750 sitteplassar i form av flyttbare stolar.
Bakgrunnsstoff
Arkitekturguide for Nord-Norge og Svalbard
Kategori:Arbeidskyrkjer Kategori:Kyrkjer i Senja prosti Kategori:Kyrkjer i Senja Kategori:Norske kyrkjer frå 1979 Kategori:Nils Toft