København (på norsk òg Kjøpenhamn, norrønt Kaupmannahǫfn) er hovudstaden og den største byen i Danmark, og har rundt ein halv million innbyggjarar. I København finn ein det danske folketinget og regjeringa, og her bur òg kongen. København har alltid vore ein viktig by i dansk historie, sjølv om han ikkje alltid har vore hovudstad. Han er i dag også hovudbyen i Storkøbenhavn, med 1,3 millionar innbyggarar (2016).. innbyggjarar 1. januar 2016.
København ligg ved Øresund på austkysten av Sjælland, og ein kan sjå over sundet til Skåne i Sverige. Sidan 2000 har han hatt bil- og togsamband med Malmö over Øresundbrua.
Namn Byen blei først berre kalla Havn, Hafnia på latin. Grunnstoffet hafnium er kalla opp etter byen. Namnet Københamn kjem frå Købmandshavn, og det engelske Copenhagen kjem frå Kopenhagen, den plattyske forma av det nye namnet. På norsk har namnet òg vorte skrive Kjøpenhavn, Køpenhamn, Kjøpenhamn og Køpenhavn.
Historie København skal ha vore grunnlagd rundt år 1000 av Svend Tveskæg eller Knud den Store, og var opphavleg eit fiskevær. I 1167 fekk biskop Absalon ansvaret for byen, og bygde si «Borg ved Havn». København låg midt i det danske riket heilt til Danmark tapte Skåne, Halland og Blekinge til Sverige.
Åtak København er blitt utsett for åtak og kringsetjing fleire gonger. Hanseatane prøvde fleire gonger å ta byen. Karl X av Sverige kringsette han i 1658–1659, men måtte til slutt gje opp. Den britiske og danske marinen hadde eit sjøslag i byhamna i 1801, og i 1807 bomba britane byen for å hindra at den danske flåten skulle hjelpa Napoleon; fleire hundre menneske vart drepne og bygningar vart øydelagde. Under den andre verdskrigen var byen okkupert av tyske styrkar.
Kultur Bygningar og institusjonar
Amalienborg slott Fristaden Christiania Københavns Havn Københavns Zoo Det danske nationalmuseet Ny Carlsberg Glyptotek Rundetårn Tivoli i København Tycho Brahes planetarium
Styresmakter Borgarmeister er Frank Jensen (2018).
Kjende personar frå København Kong Fredrik VIII av Danmark Dronning Margrethe II av Danmark Dronning Anne-Marie av Hellas Kronprins Frederik av Danmark Hans Christian Andersen Karen Blixen, forfattar Niels Bohr, vitskapsmann Aage Bohr Tycho Brahe, vitskapsmann Nikolai Grundtvig Ludvig Holberg, forfattar Iben Hjejle J.C. Jacobsen, grunnla bryggeriet Carlsberg Søren Kierkegaard, filosof Jakob Nielsen Ole Rømer Jørn Utzon, arkitekt Hans Christian Ørsted
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Kategori:Byar i Region Hovedstaden Kategori:Hovudstader i Europa
Kategori:Hamnebyar ved Austersjøen Kategori:Europeiske kulturhovudstader Kategori:Øresundsregionen