Sjå òg Preussen
Gammalprøyssarane eller baltiske prøyssarar (tysk Pruzzen eller Prußen; latinsk Pruteni; latvisk Prūši; litauisk Prūsai; polsk Prusowie) var ei folkegruppe av baltiske stammer busett i Preussen, landområdet søraust for Austersjøen i området rundt Wisłalagunen og Den kuriske bukta. Dei talte ei språk som i dag vert kalla gammalprøyssisk og følgde ein religion som lærde i dag meiner var nært knytt til litauisk heidenskap med gudar som Perkūnas. På 1200-talet vart gammalprøyssarane erobra av Den tyske riddarordenen og gradvis germanisert i løpet av dei neste hundreåra. Den tidlegare tyske staten Preussen fekk namnet sitt frå denne folkegruppa, sjølv om staten vart styrt av tyskarar som hadde assimiliert gammalprøyssarane. Det gammalprøyssiske språket var ikkje lenger i bruk på 1600-talet.Encyclopædia Britannica om 'Old Prussian language' mini|venstre|Dei prøyssiske stammene saman med dei andre baltiske stammene, om lag 1200. Dei austlege baltarane er vist i brune fargetonar, medan dei vestlege baltarane er vist i grønt. Grensene er berre omtrentlege.
Landområda til gammalprøyssarane utgjorde om lag sentrale og sørlege delar av Aust-Preussen, dagens Ermelandskmasuriske voivodskap i Polen, Kaliningrad oblast i Russland og den sørlege Klaipėda-regionen i Litauen.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Old Prussians» frå , den 7. juni 2008. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff M. Gimbuta si bok om baltarar med kart 1584 Tysk kart over Preussen Nordaust-Preussen Milepålar i prøyssisk historie
Kategori:Baltikum Kategori:Europeiske folkegrupper Kategori:Prøyssisk historie