Bugøynes kyrkje (tidl. Bugøynes kapell) er ei langkyrkje frå 1989. Ho står på Bugøynes i Sør-Varanger kommune i Finnmark fylke. Arkitektar var Lien & Risan Arkitektkontor.
Kyrkja er bygd i tre og har sitjeplassar til 150 personar. Bugøynes-samfunnet hadde tidlegare hatt eit kombinert skulehus og kapell. Ein del av inventaret i kyrkja stod tidlegare i skulekapellet. Det gjeld mellom anna altertavla og døypefonten.
Bugøynes kyrkje høyrer til Sør-Varanger sokn i Varanger prosti.
Kjelder
Sør-Varanger kyrkjelyd: Kyrkjebygg
Bakgrunnsstoff
«Kirkebøker, Finnmark» på nettstaden til Arkivverket
Kategori:Kyrkjer i Sør-Varanger Kategori:Kyrkjer i Varanger prosti Kategori:Kulturminne i Sør-Varanger Kategori:Langkyrkjer i Nord-Hålogaland bispedømme Kategori:Norske kyrkjer frå 1989