Lacul Vulturilor (rumensk for «Ørnesjøen», òg kalla Lacul Fără Fund, Den botnlause innsjøen) er ein bresjø i Buzăufjella sørvest i Karpatane i Romania. Han ligg i ei høgd på 1420 meter over havet, og den næraste byen er Siriu.

Namn Namnet kjem frå ei segn skriven ned av Alexandru Vlahuță i verket hans România pitorească. Segna fortel at om våren kjem ørner til innsjøen for å lære ungane sine å fly, og at ved å drikke vatnet i innsjøen vert ørnene yngre.

Innsjøen vert òg kalla Den botnlause innsjøen sjølv om han ikkje er djupare enn 2,5 meter.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Lacul Vulturilor» frå , den 1. juli 2008.

Kategori:Innsjøar i Romania Kategori:Buzău fylke