Argeș (ungarsk Argyas) er ei elv sør i Romania. Ho startar der elvane Buda og Capra renn saman i Făgărașfjella i Dei sørlege Karpatane og munnar ut i Donau ved Oltenița.

Den største byen langs Argeș er Pitești. Det er bygd ei demning over elva som har skapt innsjøen Vidraru.

Elva har gjeve namn til Argeș fylke.

Byar og landsbyar Av byar og landsbyar langs med elva finn ein frå kjelda til munningen Căpățânenii Ungureni, Căpățânenii Pământeni, Arefu, Poienarii de Argeș, Corbeni, Rotunda, Albeștii de Argeș, Curtea de Argeș, Băiculești, Merișani, Bascov, Pitești, Găești, Bolintin-Deal, Adunații-Copăceni og Oltenița.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Argeș River» frå , den 3. juli 2008.

Kategori:Argeș fylke Kategori:Dâmbovița fylke Kategori:Ilfov fylke Kategori:Giurgiu fylke Kategori:Călărași fylke Kategori:Elvar i Romania Kategori:Sideelvar til Donau