Myggetarar, Conopophagidae, er ein familie av sporvefuglar med utbreiing i Sør-Amerika. Dette er ein familie på 10 artar i to slekter Conopophaga og pittasoma. South American Classification Committee (SACC) i American Ornithologists' Union har i 2005 flytta dei to artane i slekta Pittasoma frå Formicariidae til Conopophagidae i sin systematikk, sjå Klassifisering 'Thamnophilidae to Rhinocryptidae'. Det er reflektert i dei mest brukete taksonomilister som Clementslista frå desember 2009 Det finst relativt lite kunnskap og få studiar om myggetarar grunna fjerne og uklåre habitat for artane.
mini|venstre|Svartkronemaurpitta, Pittasoma michleri Myggetarar har habitat i underskog, i bambuskratt, på skogbotnen lågt i Amazonasbassenget og i litt høgare nærliggande terreng. Somme artar lever i tett kratt, andre i meir open skog. Men alltid mellom bakken og ca. 1,5 m over bakken, sjeldan direkte på bakken med unntak for å snappe føde.
Fuglane har ei rund kroppsform, har kort stjert, lange bein og står oftast oppreist. Dei er frå 12 til 18 cm i lengd. Kjønna har ulike fjørdrakter, hannane har attraktive fargar i raude og brune nyansar. Dei fleste artane har ein kvit dott bak augo.
Som namnet seier er desse artane insektetarar. To metodar for å fange byttet er vanlege; den eine er å slå seg ned litt over skogbotnen og for søkje bytte og så kaste seg ned for å snappe det. Den andre metoden er å plukke insekt direkte frå bladverk, trestammar og greiner av låg vegetasjon. Typiske byttedyr omfattar kongroer, larver, grashopper og biller. Ein har observert at individ av enkelte artar et frukt og i eitt døme ein frosk.
mini|høgre|Rustmyggetar, Conopophaga lineata mini|høgre|Svartkinnmyggetar, Conopophaga melanops
Artsliste Myggetarar i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.8 frå august 2013 med norske namn etter Norske navn på verdens fugler.
Slekt Conopophaga Rustmyggetar, Conopophaga lineata, Rufous Gnateater, LC, Wied, 1831 Amazonmyggetar, Conopophaga aurita, Chestnut-belted Gnateater, LC, Gmelin, 1789 Hettemyggetar, Conopophaga roberti, Hooded Gnateater, LC, Hellmayr, 1905 Svartbrystmyggetar, Conopophaga melanogaster, Black-bellied Gnateater, LC, Ménétries, 1835 Perumyggetar, Conopophaga peruviana, Ash-throated Gnateater, LC, Des Murs, 1856 Andesmyggetar, Conopophaga castaneiceps, Chestnut-crowned Gnateater, LC, Sclater, 1857 Skifermyggetar, Conopophaga ardesiaca, Slaty Gnateater, LC, d'Orbigny & Lafresnaye, 1837 Svartkinnmyggetar, Conopophaga melanops, Black-cheeked Gnateater, LC, Vieillot, 1818
Slekt Pittasoma Svartkronemaurpitta, Pittasoma michleri, Black-crowned Antpitta, LC, Cassin, 1860 Rustkronemaurpitta, Pittasoma rufopileatum, Rufous-crowned Antpitta, NT, Hartert, 1901
Fotnotar
Kjelder
Rice, Nathan H. (2005a): Phylogenetic relationships of antpitta genera (Passeriformes: Formicariidae). PDF fulltext
Rice, Nathan H. (2005b): Further Evidence for Paraphyly of the Formicariidae (Passeriformes). Condor 107(4): 910-915. [Engelsk språk med samandrag på spansk] PDF fulltext
Whitney, B.M. (2003) Family Conopophagidae (Gnateaters) Pp 732-748 in del Hoyo J., Elliott A. & Christie D.A. (2003) Handbook of the Birds of the World Volume 8. Broadbills to Tapaculos, Lynx Edicions, Barcelona ISBN 84-87334-50-4
Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)
Bakgrunnsstoff Videoar med myggetarar
Kategori:Myggetarfamilien Kategori:Sporvefuglar Kategori:Fuglar i den neotropiske regionen Kategori:Fugleslekter