Ustia (russisk Устья) er ei elv i Arkhangelsk oblast i Russland og ei av sideelvane til Vaga frå høgre i nedslagsfeltet til Vaga.
Ho er 477 km lang, har eit eige nedslagsfelt på og 107 km frå munningen ei middelvassføring på 92,4 m³/s.
Ved elva ligg landsbyen Oktiabrskij, sentrum i Ustianskij rajon.
Dei største sideelvane hennar er Lojga, Kotsjkurga og Koksjenga, alle frå venstre.
Elva frys til seint i oktober eller i november og er islagd til slutten av april eller byrjinga av mai. Frå april til juni er det vårflaum.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Устья (река)» frå , den 16. oktober 2008.
Kategori:Elvar i Russland Kategori:Elvar i Arkhangelsk oblast