Kamtsjatka (russisk Камчатка) er den største elva på Kamtsjatkahalvøya i Russland. Ho munnar ut i Kamtsjaktbukta i Beringhavet. Elva er 758 km lang og har eit nedslagsfelt på .
Elva har mange sideelvar og dei største av desse er Kensol, Andrianovka, Zjupanka, Kozyrevka frå venstre, og Kitilgina og Urts frå høgre.
Kamtsjatka spring ut frå dei sentrale fjellområda på halvøy og renn ut frå ein den vesle Kamtsjatkasjøen. Bilvegen mellom Petropavlovsk-Kamtsjatskij og Ust-Kamtsjatskij, som ligg ved munningen, følgjer elva.
Elva er rik på fisk, og fleire typar laksefisk gyt i elva. Ho er òg ei populær elv for vassport.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Камчатка (река)» frå , den 25. oktober 2008.
Kategori:Elvar i Russland Kategori:Elvar i Kamtsjatka kraj