Skhodnja (russisk Сходня), òg kalla Sukhodnja, Vkhodnja, Vykhodnja og Vskhodnja, er ei elv nordvest i Moskva i Russland, og den nest største sideelva til Moskvaelva etter Jauza. Ho er 47 km lang, der 5 km renn innanfor bygrensene til Moskva. Ho har eit nedslagsfelt på 17,2 km² innanfor byen.
Elva spring ut nær landsbyen Alabusjevo (del av Zelenograd) og munnar ut i Moskvaelva nær Tusjino lufthamn. Skhodnja er knytt til ein kanal, som fører vatn frå Volga gjennom Khimki-reservoaret til Moskva.
Galleri
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Skhodnya River» frå , den 30. oktober 2008.
Kategori:Elvar i Russland Kategori:Elvar i Moskva oblast Kategori:Moskva