mini|220px|Frå eit bibliotek i Eberswalde i Tyskland.
Bibliotek (frå gresk βιβλιοθηΧη boklager, biblion, bok, og theke, lagringsrom) er ei samling bøker, handskrifter og anna referansemateriale (film, lyd, osb.).
Ein bruker bibliotek både for å bevara bøker og for å gje flest mogleg folk tilgang til dei. Moderne bibliotek har gjerne òg mange ulike aviser og datamaskinar med internettilgang som ein del av informasjonstilbodet til brukarane sine.
Historie mini|220px|Biblioteket i Betliar i Slovakia. Dei tidlegaste biblioteka var tempelsamlingane i Memfis, biblioteka i Susa og biblioteket til assyrarkongen Assurbanipal.
Biblioteket i Alexandria var det mest kjende biblioteket i oldtida.
I mellomalderen voks det fram fleire klosterbibliotek, mellom anna i Cambridge og St. Gallen.
I Firenze oppstod det første «folkebiblioteket» i 1444.
I Noreg opna Deichmanske bibliotek dørene 12. januar 1785.
Bibliotekstypar mini|Ei kvinne tek ut ei bok på biblioteket til San Diego City College.
I nyare tid kan ein skilje mellom følgjande typar bibliotek:
Folkebibliotek Fagbibliotek, til dømes universitetsbibliotek og skolebibliotek
Eksempel på bibliotek Asker bibliotek Bergen Offentlige Bibliotek Biblioteket i Alexandria Deichmanske bibliotek Kungliga biblioteket Det kongelige bibliotek
Bruk av bibliotek Mange potensielle bibliotekbrukarar veit ikkje korleis dei effektivt kan gjere bruk av ressursane biblioteket tilbyr. Dette har ført til stadig sterkare fokus på brukaropplæring. Sentralt her står omgrepet informasjonskompetanse.
Bakgrunnsstoff Nasjonalbiblioteket Deichmanske bibliotek Bergen Off. Bibliotek
Kategori:Kunnskap Kategori:Litteratur