Volsk (russisk Вольск) er ein by i Saratov oblast i Russland med om lag 55 000 innbyggjarar. Han ligg rundt 140 km nordaust for Saratov, på høgre bredda av elva Volga, vis-a-vis munningen av sideelva Bolsjoj Irgiz.
Byen vart grunnlagt i 1690 som slobodaen Malykovka. Han fekk byrettar i 1780 og fekk samstundes namnet Volgsk (russisk Волгск). I løpet av 1800-talet endra namnet seg gradvis til «Volsk».
Etter oktoberrevolusjonen vart Volsk eit stort senter for produksjon av sement.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Volsk» frå , den 11. januar 2009.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Busetnader grunnlagde i 1690 Kategori:Byar ved Volga