Peresvet (russisk Пересве́т) er ein by i Moskva oblast i Russland med om lag 11 000 innbyggjarar. Han ligg ved elva Kunja, ei sideelv til Dubna), rundt 90 km nordaust for Moskva og 17 km nord for Sergijev Posad.
Offisielt vart Peresvet grunnlagt i 1955 som ein urbanliknande busetnad som tente NIIChimMash (russisk: НИИ́Хи́мМа́ш, ei forkorting for «forskningsinstitutt for kjemisk ingeniørkunst»), eit forskingsinstitutt for testing av rakettmotorar og vakuumkammertesting av romfartøy. Busetnaden fekk namnet Novostrojka (russisk: Новостро́йка).
Til 1992 var Novostrojka eit forbode område. Under sovjetperioden var all busetnad fullstendig underlagt styret til instituttet. Seinare vart det styrt av administrasjonen i byen Krasnozavodsk. I 2000 fekk byen endeleg bystatus og det noverande namnet (etter mellomalderhelten Aleksander Peresvet).
Kjelder
Delar av denne artikkelen bygger på «Peresvet» frå , den 26. januar 2009.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Busetnader grunnlagde i 1955