Ruza (russisk Руза) er ein by i Moskva oblast i Russland med om lag 15 000 innbyggjarar. Han ligg ved elva Ruza, ei sideelv til elva Moskva) 100 km vest for Moskva.
Ruza vart først nemnt i 1339 som ein del av fyrstedømet Zvenigorod. Han vart innlemma i Storfyrstedømet Moskva tidleg på 1500-talet. Byen var ei festning som forsvarte Moskva frå vest.
I landsbyen Kamenskoje, sør for Ruza, er det bevart ei festningskyrkje frå tidleg på 1300-talet. Den er den eldste gjenverande bygningen i Moskva oblast.
Kjelder
Delar av denne artikkelen bygger på «Ruza (by)» frå , den 26. januar 2009.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Busetnader grunnlagde i 1320-åra