Brian Samuel Epstein () var ein britisk musikkentrepenør og manager for The Beatles. Gjennom familieselskapet NEMS (North End Music Stores) var han òg manager for fleire andre artistar som Gerry & The Pacemakers, Billy J. Kramer and the Dakotas, Cilla Black og The Remo Four.
The Beatles spelte inn ein demo i Decca sine studio, som Epstein betalte for. Seinare overtalte han George Martin om å lytte til opptaka, sidan Decca ikkje var interessert i å signere The Beatles. Epstein fekk så tilbod om kontrakt (etter Martin hadde møtt gruppa) hos EMI-avdelinga Parlophone, sjølv om dei tidlegare hadde fått avslag hos nesten alle andre britiske plateselskap.
Epstein døydde av ein uheldig narkotikaoverdose i heimen sin i London i august 1967. Epstein har fått æra for suksessen The Beatles oppnådde tidleg i karrieren ved måten han styrte bandet på og hans sans for stil. Paul McCartney sa om Epstein: «Om nokon var den femte Beatle, så var det Brian» Geller 1999 s. 49
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Brian Epstein» frå , den 22. februar 2009. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Offisiell heimeside Epstein-biografi Epstein på IMDB Fyne Times - Brian Epstein
Kategori:The Beatles Kategori:Engelske musikkmanagerar Kategori:Folk frå Liverpool