Aare (fransk Aar) er ei sideelv til Hochrhein i Sveits. Den fulle lengda frå kjelda til samløpet med Rhinen er om lag 295 km lang, med eit fall på 1565 meter og eit nedslagsfelt på 17 620 m², som omfattar heile det sentrale Sveits."Aare River." Encyclopædia Britannica. 7. mars 2012 Ho er den lengste elva som ligg fullstendig innanfor Sveits sine grenser.Bridgwater, W. & Beatrice Aldrich. (1966) The Columbia-Viking Desk Encyclopedia. Columbia University. s. 11.

Løp mini|venstre|Unteraargletscher

Aar spring ut frå dei store Aarbreane i Bern-Alpane i kantonen Bern og vest for Grimselpasset. Ho renn austover til Grimsel herberge, nedanfor Finsteraarhorn, og så nordvestover gjennom Haslital, der ho dannar den 46 meter høge fossen Handegg, forbi Guttannen, og gjennom kalksteinsklippene i Kirchet der ho dannar ein stor canyon. Ho når så Meiringen på ei slette. Litt forbi Meiringen, nær Brienz, renn elva ut i Brienzsjøen der ho er mogeleg å segle på. Nær vestenden av innsjøen mottar Aare den første viktige sideelva si, Lütschine. Ho renn så over den myrlendte sletta ved Bödeli mellom Interlaken og Unterseen før ho renn ut i Thunsjøen.

thumb|Aar ved Innertkirchen Nær vestenden av Thunsjøen mottar ho Kander, som like før har hatt samløp med Simme. På veg ut av innsjøen renn elva gjennom Thun, og så gjennom byen Bern, under 18 bruer og rundt halvøya med dei bratte sidene der Gamlebyen ligg. Elva svingar så vestover, men etter å ha runne saman med Saane eller Sarine svingar ho nordover fram til nær Aarberg. Her vert elva avleidd inn i Hagneckkanalen til Biennesjøen, noko som var eit av dei store sveitsiske ingeniørverka på 1800-talet, kalla Juravasskorreksjonen. Før dette hadde område nord for Bern vore eit flaumutsett myrområde. Frå den øvre enden av innsjøen renn elva ut gjennom Nidau-Büren-kanalen og så austover til Büren. Innsjøen fører med seg store mengder erodert grus og smeltevatn frå Alpane og dei tidlegare myrområda har vorte frodige sletter, kjend som «grønsakshagen i Sveits».

Frå her renn Aare nordaustover eit langt stykke, forbi Solothurn (der ho like etter mottar Grosse Emme frå høgre), Aarburg (der ho møter Wigger), Olten i Aarau, der ho like i nærleiken renn saman med Suhre, og Wildegg, der Hallwiler Aa kjem inn frå høgre. Like nedanfor Brugg mottar ho først Reuss, og kort tid etterpå Limmat. Ho svingar så nordover og munnar ut i Rhinen, og har faktisk ved samløpet større vassføring enn Rhinen der dei renn saman ved Koblenz (Sveits), ovanfor Waldshut i Tyskland. Rhinen munnar etter kvart ut i Nordsjøen i Nederland.

Aareschlucht

thumb|Inne i Aareschlucht Aareschlucht er ein del av elva som har greve seg gjennom ein kalksteinsrygg nær byen Meiringen.

Sideelvar mini|Ved «Wasserschloss», der elvane Aar, Reuss og Limmat renn saman. mini|Samløpet til Aar og Rhinen i Koblenz

Limmat Sihl Linth (største tilløpet til Zürichsjøen) Reuss Kleine Emme Sarner Aa Engelberger Aa Schächen Furkareuss Suhre Wigger Emme Zihlkanal Suze Broye Orbe Saane (Sarine) Sense Kander Simme Allenbach Lütschine

Reservoar Wohlensjøen, 481 m Niederriedsee, 461 m Klingnauer Stausee, 318 m

Historie Elvenamnet kan gå attende til det galliske (helvetiske) Bern-sinksteinen som går attende til Romersk Gallia. Det romerske namnet var Obringa.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Aare» frå , den 7. mars 2012. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Aareschlucht

Kategori:Elvar i Sveits Kategori:Rhinenvassdraget Kategori:Geografi i Bern Kategori:Vasstransport i Sveits Kategori:Sideelvar til Rhinen