Te Kuiti er ein liten by sør i regionen Waikato på Nordøya på New Zealand. Han ligg i krysset mellom riksvegane State Highway 3 og 30, og ved jarnvegslinja North Island Main Trunk Railway, 70 km sør for Hamilton. Byen ligg i distriktet Waitomo og er sete for distriktsstyret, Waitomo District Council.
Ved folketeljinga i 2006 hadde byen eit innbyggjartal på 4 419, ein oppgang på 45 frå 2001Frå folketeljinga 2006. Statistics New Zealand Byen marknadsfører seg sjølv som «Verdas saueklipparhovudstad», og er tilskipar av den årlege newzealandske meisterskapen i saueklipping.
Geografi Te Kuiti ligg om lag 80 km sør for Hamilton og 19 km søraust for Waitomo. Landområdet kring Te Kuiti, til vanleg kjent som King Country, har gjeve namnet til det lokale rugbylaget i Te Kuiti.
Historie Te Kuiti er maorinamnet på området. I si opphavlege form, «Te Kuititanga», tyder det bokstaveleg tala 'dalen', 'inneklemminga' eller 'innsnevringa'. Te Ara Encyclopedia of New Zealand
Turisme «Saueklipparhovudstaden» har verdas største saueklipparstatue, sju meter høg. Den nasjonale meisterskapen i saueklipping finn stad kvart år seint i mars eller tidleg i april.
mini|Statue som markerer saueklippeverksemda i Te Kuiti.
Det rikt utskorne Te Tokanganui-A-Noho-møtehuset (marae) vart gjeve til den lokale maori-iwien Ngati Maniapoto av Te Kooti, ein kjend maorileiar, som vart gjeven ly her i 1864 under New Zealand-krigane.
Den japanske hagen, Tatsuno, er også eit velkjent turistmål i byen. vitja 12. mars 2009
Geologi Avsetjingar frå kalkstein har danna grottesystemet Waitomo Caves, nordvest for byen. Grottene er eit av dei mest vitja turistmåla på New Zealand.
Referansar
Denne artikkelen bygger på «Te Kuiti» frå , den 12. mars 2009.
Bakgrunnsstoff Waitomo District Council Informasjonssenteret i Te Kuiti. Kart over Te Kuiti og området kring.
Kategori:Byar på New Zealand Kategori:Busetnader i Waikato