Srebrnosjøen (serbisk Сребрно језеро) er ein kroksjø på høgre breidda av Donau i regionen Braničevo aust i Serbia, nær byen Veliko Gradište. Han er ein populær turistdestinasjon.
Geografi mini|Srebrno er ein populær turistdestinasjon Innsjøen ligg i den breie, låge Donaudalen med åsar på over 300 meter omkring. Den høgaste toppen er Goricaåsen på 362 meter over havet. Munningen til elva Pek ligg like sør for innsjøen. Mellomalderfestningane Ram og Golubac ligg nær innsjøen.
Srebrnosjøen er ein arm av Donau på den høgre breidda hennar. Elveøya (ada) Ostrovo ligg mellom hovudelvefaret og innsjøen. I begge endar av øya vart det bygd vegfyllingar i 1971.
Srebrnosjøen er forma som ein boge og er 14 km lang, opp til 300 meter brei og dekkjer eit område på 4 km². Han ligg 70 meter over havet og er opp til 8 meter djup. Vatneret er klårt på grunn av naturleg filtrerting av sanddyner langs innsjøen. Det er mykje fisk i sjøen, mellom anna graskarpe, karpe, malle, gjedde, åbor og andre ferskvassfisk.
Området har vore ein turistdestinasjon i mange tiår, men særleg dei siste åra har dette teke seg opp, trass i mangel på overnattingsplassar. Det er derimot store planar om å gjere området om til ein feriestad.Politika 28. juli 2007, s. 18 Det er planlagt fleire hotell og fleire turistfasilitetar.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Silver Lake (Serbia)» frå , den 18. mars 2009. oppgav desse kjeldene: Atlas Srbije (2007), MONDE NEUF, Belgrade; ISBN 978-86-86809-05-6
Bakgrunnsstoff Srebrno jezero tourist info portal Srebrno jezero official site
Kategori:Innsjøar i Serbia Kategori:Donau