mini|høgre|Typisk modulvogntog med lastebil som dreg semitrailer montert på dolly (type D). mini|høgre|Oversikt over ulike modulvogntogkombinasjonar. I Noreg er det primært D som er aktuelle, men også A og B er med i prøveordninga.
Modulvogntog er eit norsk omgrep for spesielle, ekstra lange og tunge vogntog som i utgangspunktet ikkje er tillatne på norske vegar. Frå 1. juni 2008 vart det starta ei prøveordning for modulvogntog med maksimal lengd på 25,25 m og med ein masse på inntil 60 tonnOppdatert informasjon om prøveordning med modulvogntog, Vedlegg 1: Eksempler på aktuelle modulvogntog, Statens vegvesen.. Modulvogntog kan førebels berre nyttast på spesielt godkjende vegar, men Statens vegvesen vurderer, på oppdrag frå Samferdselsdepartementet, ei utviding av vegnettet.
I Sverige kan ordinære vogntog ha ei lengd på opp til 25,25 m Mått och vikt, Yrkestrafikken.se., men opp til 24 m om visse krav vert tilfredsstilte, og ein masse på opp til 60 tonn Dimensioner, Yrkestrafikken.se., men det vert gjort forsøk med modulvogntog med ei største lengd på 30 m og ein største masse på 90 tonn Längre timmerbil testas på vägar , Västerbottens-Kuriren, 9/12-2008..
Andre europeiske land vurderer òg innføring av modulvogntog. Frankrike til dømes vurderer innføring av modulvogntog av same storleik som i Noreg Qui a peur des méga-camions?, L'Express, 7/7-2009..
Galleri
Kjelder
Sjå òg Tilhengar
Kategori:Lastebilar
nl:Langere en Zwaardere Vrachtautocombinatie