Lygra kyrkje står på øya Lygra i Alver kommune i Vestland, og er ei langkyrkje bygd i tre i 1892. Kyrkja er teikna av Petter Gabrielsen Spjutø.
Det har vore kyrkje på Lygra sidan mellomalderen, og det har vore minst tre kyrkjebygg der før den noverande kyrkja. Fyrste gongen ein finn Lygra nemnd som kyrkjestad er i eit diplom frå 1321. Mellomalderkyrkja, som mest truleg var ei stavkyrkje, vart avløyst av ei tømmerkyrkje på 1600-talet. 1600-talskyrkja skal ha brunne i 1772, og det vart bygd ei ny kyrkje til å erstatte henne. Denne kyrkja stod til 1892 då ho måtte vike plassen for den noverande kyrkja.
Lygra kyrkje er soknekyrkje i Lygra sokn i Nordhordland prosti. I mellomalderen var soknet eit anneks under Lindås. Soknet var overført frå Lindås prestegjeld til Alversund prestegjeld i 1975 fram til prestegjeldsordninga vart nedlagt i 2004.
Kjelder Lygra kirke frå Norges Kirker/ NIKU og KA
Fotnotar
Bakgrunnsstoff Om Lygra sokn på nettstaden til Den norske kyrkja Kart frå 1979 som viser soknegrenser og kyrkjestader, på nettstaden til Universitetet i Bergen «Kirkebøker, Hordaland» på nettstaden til Arkivverket Skanna kyrkjebøker frå Hordaland på nettstaden til Arkivverket Oversyn over gravminne i Lindås kommune på nettstaden disnorge.no
Kategori:Kyrkjer i Alver Kategori:Kyrkjer i Nordhordland prosti Kategori:Langkyrkjer i Bjørgvin Kategori:Norske kyrkjer frå 1892 Kategori:Petter Gabrielsen Spjutø Kategori:Kulturminne i Alver