Statsministeren i Estland (estisk Eesti Vabariigi Peaminister) er regjeringssjef i Republikken Estland. Statsministeren vert nominert av presidenten i landet etter rådføring med dei parlamentere fraksjonane og parlamentet. Statsministeren er vanlegvis leiaren for det største partiet eller den største koalisjonen i parlamentet. Den noverande statsministeren er Andrus Ansip.

Aktivitetane til regjeringa vert leidde av statsministeren, som er den faktiske politiske statssjefen. Han leier ikkje noko departement, men er ifølgje den estiske grunnlova leiaren av alt arbeidet til regjeringa. Innflytnaden og rolla til statsministeren i regjeringa og relasjonane hans til andre departement er ofte avhengig av posisjonen partiet hans har i høve til koalisjonspartnarane, og kor mykje påverknadskraft statsministeren har i partiet sitt. Dersom statsministeren har ein sterk posisjon i partiet sitt og regjeringa berre er samansett av partifeller, kan han ha veldig sterk autoritet. I viktige nasjonale spørsmål har Riigikogu det siste ordet i form av den politiske makta det har.

Historie Estland vart styrt av ein statsminister i dei to fyrste åra (1918–1920) etter at det vart sjølvstendig frå Det russiske imperiet.

Som følgje av den estiske grunnlova av 1920, vart presidentmodellen teken i bruk, samstundes som statsoverhovudet i Estland dekk den utøvande makta. Den nye grunnlova av 1933, som vart innført etter ei folkeavstemming, gjorde til at statsministeren vart statsoverhovud og regjeringssjef gjennom ein meir parlamentarisk modell. Det sitjande estiske statsoverhovudet, Konstantin Päts, utnemnde seg sjølv til statsminister, og i denne stillinga hadde han då moglegheit til å avlyse valet av ny statssjef og nytt parlament. Han heldt fram som statsminister og erklærte seg som «presidentregent» fram til 1938, då det vart halde val under ei ny grunnlov og han vart vald til president.

Statsministrar 1918 til 1920 NamnSett innGjekk avPartiKoalisjon1Konstantin Päts24. februar 191826. november 1918MaaliitStor koalisjon som ikkje var partibasert2Konstantin Päts 26. november 19188. mai 1919MaaliitStor koalisjon som ikkje var partibasert3Otto Strandman8. mai 191918. november 1919Eesti TööerakondESDTP+TE+RE4Jaan Tõnisson18. november 191928. juli 1920Eesti RahvaerakondESDTP+TE+RE5Ado Birk 28. juli 192030. juli 1920Eesti RahvaerakondTE+RE+KRE6Jaan Tõnisson (andre gong) 30. juli 192026. oktober 1920Eesti RahvaerakondRE7Ants Piip26. oktober 192021. desember 1920/ 25. januar 1921Eesti TööerakondTE

Dei fyrste to regjeringane var landsråd (Maapäeva/Maanõukogu valitsused). Dei neste fem vart utnemnde av det direktevalde parlamentet (Asutav Kogu).

1920 til 1934 Statsoverhovudet vart i denne perioden kalla Riigivanem. Han var leiar av regjeringa og vald av parlamentet, som han òg var avhengig av. Han var dermed meir enn statsminister, sidan han òg hadde ansvar som ein president. Presidentfunksjonane var i denne perioden delte mellom Riigivanem og parlamentspresidenten. Regjeringa kunne vere, som mellom anna i 1919–1920, sett inn av eit fleirtalsval utan absolutt fleirtal. Ho kunne også verte fjerna på same måten.

NamnSett innGjekk avPartiKoalisjon1Konstantin Päts 25. januar 192121. november 1922Põllumeeste KogudTE+PK+RE+KRE2Juhan Kukk21. november 19222. august 1923Eesti TööerakondTE+PK (+RE)3Konstantin Päts2. august 192326. mars 1924Põllumeeste KogudPK+TE+RE+KRE4Friedrich Akel 26. mars 192416. desember 1924Kristlik RahvaerakondTE+RE+KRE5Jüri Jaakson 16. desember 192415. desember 1925Eesti RahvaerakondPK+ESDTP+TE+RE+KRE6Jaan Teemant15. desember 192523. juli 1926Põllumeeste KogudPK+TE+KRE+AS+RVP7Jaan Teemant 23. juli 19264. mars 1927Põllumeeste KogudPK+AS+RE+KRE+MAJA8Jaan Teemant4. mars 19279. desember 1927Põllumeeste KogudPK+AS+RE+KRE+MAJA9Jaan Tõnisson 9. desember 19274. desember 1928Eesti RahvaerakondPK+AS+TE+RE10August Rei4. desember 19289. juli 1929Eesti Sotsialistlik Tööliste ParteiESTP+AS+TE+KRE11Otto Strandman 9. juli 192912. februar 1931Eesti TööerakondPK+AS+TE+RE+KRE12Konstantin Päts12. februar 193119. februar 1932Põllumeeste KogudESTP+PK+RE+MAJA13Jaan Teemant 19. februar 193219. juli 1932Põllumeeste KogudPK+AS+TE+RE14Kaarel Eenpalu19. juli 19321. november 1932Ühinenud Põllumeeste ErakondÜPE+RKE15Konstantin Päts 1. november 193218. mai 1933Ühinenud Põllumeeste ErakondIngen16Jaan Tõnisson18. mai 193321. oktober 1933Rahvuslik KeskerakondRKE+AS (+PK, intern opposisjon)17Konstantin Päts21. oktober 193324. januar 1934Ühinenud Põllumeeste ErakondIngen

Forklaringar PK – Põllumeeste Kogud TE – Eesti Tööerakond RE – Eesti Rahvaerakond ESDTP - Eesti Sotsiaaldemokraatiline Partei, frå 1925: ESTP – Eesti Sotsialistlik Tööliste Partei AS – Asunikud … KRE – Kristlik Rahvaerakond RVP – Rahvuslik Vabameelne Partei MAJA – Üleriiklik Majaomanike Seltside Liit ÜPE – Ühinenud Põllumeeste erakond, tidlegare og seinare PK+AS RKE – Rahvuslik Keskerakond, tidlegare RE+TE+KRE+MAJA

Regjeringar for: 1–2 – 1. Riigikogu 3–6 – 2. Riigikogu 7–10 – 3. Riigikogu 11–13 – 4. Riigikogu 14–17 – 5. Riigikogu

1934 til 1937 NamnSett innGjekk avPartiKonstantin Päts (2. gang)24. januar 19343. september 1937Ingen

1938 til 1944 NamnSett innGjekk avParti6Kaarel Eenpalu 9. mai 1938 (konstituert frå 21. april 1938)12. oktober 1939Ingen7Jüri Uluots12. oktober 193921. juni 1940Ingen8Johannes Vares 21. juni 194025. august 1940Det estiske kommunistpartietOtto Tief (konstituert)18. september 194412. januar 1953Ingen

Frå 1991 NamnSett innGjekk avPartiEdgar Savisaar (konstituert)20. august 199129. januar 1992Eesti RahvarinneTiit Vähi (konstituert)29. januar 199221. oktober 1992Ingen9Mart Laar21. oktober 19928. november 1994Isamaaliit10Andres Tarand8. november 199417. april 1995Ingen11Tiit Vähi (andre gong)17. april 199517. mars 1997Eesti Koonderakond12Mart Siimann17. mars 199725. mars 1999Eesti KoonderakondMart Laar (andre gong)25. mars 199928. januar 2002Isamaaliit13Siim Kallas28. januar 200210. april 2003Eesti Reformierakond14Juhan Parts10. april 200312. april 2005Res Publica15Andrus Ansip12. april 2005Eesti Reformierakond

Merknadar

Bakgrunnsstoff Nettstaden til statsministeren i Estland

Kategori:Estisk politikk