Dikken Zwilgmeyer eller Barbara Hendrikke Daae Zwilgmeyer () var ein norsk forfattar. Ho er særleg kjend for Inger Johanne-serien.
Ho var fødd i Trondheim, men flytta til Risør då far hennar, Petter Gustav Zwilgmeyer vart beordra dit som byfogd i mai 1861. Ho flytta som vaksen til Oslo og døydde under eit besøk i Kongsberg i 1913.
Zwilgmeyer skreiv forteljingar for barn, mellom anna om Inger Johanne som gjekk føre seg i Risør. Ho skreiv òg novellesamlinga Som kvinder er (1895) og romanen Emerentze (1906).
Det står ein statue av Zwilgmeyer på utsida av kulturhuset i Risør, Risørhuset. Her er òg begge kinosalane kalla opp etter forfatteren.
Verk
Barnebøker Vi børn, Bergen 1890 Karsten og jeg, Bergen 1891 Fra vor by, Bergen 1892 Sommerferier, 1894 Barndom, Bergen 1895 Morsomme dage, Bergen 1896 Hos onkel Max og tante Betty, Bergen 1897 Udenlands, Bergen 1898 Fire kusiner, 1899 Anniken Prestgaren, 1900 Syvstjernen og andre historier, Bergen 1900 Frøken Lybæks pensionatskole, 1901 Lille Jan Bluhme, 1903 Kongsgaardgutten, 1904 Maja, 1905 Hos farfar paa Løvly, 1910 Vi tre i hytten, 1911
Ungjenteromanar Paul og Lollik, 1904 Inger Johanne, 1909
Bøker for vaksne
Som kvinder er. Seks fortællinger, 1895 Ungt sind, roman, 1896 Mægler Porsvold og andre historier, 1902 Emerentze. En slægtshistorie, roman, 1906 Maren Ragna. Et stykke livshistorie, roman, 1907 Thekla, roman, 1908
Kjelder Delar av denne artikkelen bygger på «Dikken Zwilgmeyer» frå , den 10. april 2009.
(NBL-artikkel)
Kategori:Norske barnebokforfattarar Kategori:Norske forfattarar Kategori:Folk frå Trondheim Kategori:Folk frå Risør Kategori:Nyromantiske forfattarar