MF «Finnøy» var ei bilferje som vart overlevert til reiarlaget Det Stavangerske Dampskibsselskap (DSD) i 1971. Frå 1995 til 2003 hadde ferja namnet MF «Kvitsøy». I perioden 2003–2012 heitte ho «Austrheim» og deretter «Cameroon».
Historie Ferja var byggnummer 32 ved Løland verft i Leirvik i Sogn. Ved overleveringa i 1971 var tonnasjen 451 bruttoregistertonn og 228 nettoregistertonn. Hovidmaskinen var ein sekssylindra totakts dieselmotor bygd av Wichmann Motorfabrikk AS på Rubbestadneset.
Ferja gjekk i rutefart for HSD Sjø frå 2003, for Tide Sjø frå 2006, og for Norled frå 2012. Ho vart sletta frå skipsregistret NOR den 10. april 2012 og selt til Comatrans S.A. i Kamerun. Ho gjekk i trafikk mellom Tiko i Kamerun og Calabar i Nigeria under det nye namnet «Cameroon».MF «Cameroon», stp-fartøyregister Den 25. august 2019 forliste fartøyet i Guineabukta undervegs frå Calabar til Tiko. 111 personar vart redda, men 14 personar vart funne omkomne og minst 90 vart ikkje funne.
Tidsline 1971 (april): Levert som MF «Finnøy» for Det Stavangerske Dampskibsselskab, Stavanger og sett inn på det såkalla «Finnøysambandet»/«Midtsambandet» 1990 (januar): I trafikk for Rogaland Trafikkselskap A/S 1991 (desember): Overført til Rogaland Trafikkselskap A/S i Stavanger 1992: Sett inn på sambandet Kvitsøy–Mekjarvik 1995 (mars): Omdøypt til MF «Kvitsøy» 1996 (september): Ommålt: 749 bruttoregistertonn, 299 nettoregistertonn 2001 (august): Tatt ut av trafikk 2003 (januar): Overført til Stavangerske AS i Stavanger 2003 (september): Innkjøpt av HSD Sjø AS i Bergen. Omdøypt til MF «Austrheim». 2019 (august): Kantra og sokk i Guineabukta
Kjelder
Kategori:Norske ferjer Kategori:HSD-eigde fartøy Kategori:DSD-eigde fartøy Kategori:Skip frå 1971