Dansk Sprognævn (DSN) er den statlege danske språknemnda, og har ansvar for å følgja dansk språkutvikling og slå fast den offisielle rettskrivinga på dansk. Ho vart oppretta i 1955, og verksemda er regulert i ein lov frå 1997, Retskrivningsloven. Nemnda gjev ut ei rettskrivingsordliste og bladet Nyt fra Sprognævnet, som sidan 2017 berre har kome ut digitalt.
Dansk Sprognævn fekk hovudkvarter i Bogense på Nordfyn i 2019. Nemnda er medarrangør av den årlege språkfestivalen Sprogense, som fyrst blei halden i Bogense i 2021 med støtte frå Nordfyns Kommune.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Kategori:Språknormering Kategori:Dansk språk Kategori:Skipingar i 1955